- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
344

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

no, berre meir framvaksi. Og so vilde ho ha vori sæl
i den Tidi.

Og han sa henne kva ho vaaga, um so skulde gaa at
Folk fekk vita um Samlive deira. Alt vaaga ho. Han
stræva best han kunde med aa gjera henne dette klaart;
inkje noko skulde vera usagt. Men Georg Jonathan var
bleik.

Ho høyrde paa han eit Bil, raud og varm, tungt og
tett pustande. So lagde ho seg inn til han og sagde;
«det er det samme, Georg. Lad os være Venner.»

vin.

Endeleg hadde han funni ei Dame. Ei Kvinne som
var vitug og fri.

Ho visste kva ho gjorde; og ho vilde det. So lite
brydde ho seg um Folk og Fyriskriftir, at det stundom
var han som laut minne um, at dei ikkje hadde
Politibrev.

Han var stolt av Kjærasten sin. Mot henne var dei
Halvdamur alle. Det var dei som kunde tala fritt; det
var kannhende ei eller eit Par som hadde gjort seg frie
i sine Tankar; men i Samvite var dei rædde og bundne
alle; det høgste dei kunde drive det til var aa lata seg
forføre. So hadde dei daa ein aa skulde paa, um det
kneip. Dei trudde dei forsvara seg, dei Armodsting,
naar dei sagde at dei hadde synda mot sin Vilje, liksom
Slusken naar han stod for Politie, orsaka seg med at
han hadde vori full.

Men det skulle vise seg, at ei Kvinne kunde klara eit
fritt menneskjelegt Samliv likso godt som ein Mann;
og daa skulde ein kunna vera gift og fri samstundes, —
det einaste vituge Folk kunde vera med paa.

344

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0346.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free