Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
um det; men Madam Widstrup ikkje so mykje som
blunka med Augo, og daa gjorde det ikkje noko
vidare.
Mad. Widstrup hadde set mangt gaa for seg i denne
Verdi; ho kvakk ikkje so lett lenger no. At Smaafolk
leid Urett visste ho; og at dei daa berga seg som dei
kunde fann ho rimelegt. Det var leidt for ei Gjente aa
liva uvigd med ein Gut; men Vaarherre som saag, at
det ikkje alltid kunde falle so laglegt for ungt Folk aa
gifte seg — det visste ho kannhende um sjølv —, han
vilde lettare tilgjeva det enn so mykje anna han laut
sjaa paa.
Julie forstod at Kjeringi var snild; ho søkte Lag med
henne og fekk det.
Ho hadde snart ikkje andre. Fru Hauge torde ho
ikkje sjaa; alle ho hadde kjent fyrr var ho rædd; ho
tenkte dei maatte hava Mistankar. Ho kunde ikkje vera
«vitug» saman med deim; ho vart skamfull; det ho
hadde gjort var fælt, og ho sjølv kjende seg urein og
laak av det. Og so den Tanken, at det aldri kunde
gjerast um att. At ho aldri kunde koma jamgod i deira
Lag meir; alltid, alltid skulde ho vera utanfor, naar
dei tala um sine Folk. Det var ein Ting som skulde
kunna hjelpe; det var aa gifte seg. Men ikkje det heller
vilde vera for henne som for deim. Det vilde vera utan
Helg og utan Høgtid; det vil vera som aa lappe ihop
eit sprukki Fat.
Slike uvituge Tankar tolde ho ikkje! ho gøymde seg.
Dei saag henne ikkje meir; ho «hadde so mykje aa
gjera». Der vart Undring og eit Grand Røding; men
Julie slo Lag med Madam Widstrup.
Um Kveldane, naar Georg maatte vera ute, i Selskap
eller i Møte, sat dei saman desse tvo, og spéla
Svarteper og Hundradogein og rødde um laust og fast, og
347
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>