- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
348

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ofte um Ting som den gamle visste og som den unge
laut lære.

Det dreiv Tidi. Men det vart alitid jammerleg lengi
fyrr Georg kom.

Det var vondt aa vera so mykje ifraa kvarandre. Dei
heldt saman det beste dei kunde; men mykje av Tidi
gjekk burt i Saknad og Lengt.

Verst var det naar han var i Selskap. Der skulde ho
sitja heile Kvelden og spéla Svarteper og høyre paa
Madam Widstrup, naar han fekk danse og hava det
gildt. Og so tenkte ho paa alle dei unge Damune han
kunde koma ut fyri, og visste, at no fylgde han den
heim eller den heim; — ofte rømde ho upp til seg sjølv
og stengde seg inne. Vart han sein, kunde han finne
henne graatande i Sofaen, eller sinna; daa vart han
kald um Augo stundom; spurde um ho ikkje hadde
Tillit til han lenger. —

— Fyrst fekk ho Plass i ein Kolonialvarehandel; ho
sat i Krambui og var Kasserar. Sidan høvde det seg
so, at han fekk henne inn hjaa Grosserar Storr.

Denne vilde ha Damur paa Kantore sitt, fordi dei var
trugnare til aa arbeide enn Herrar, og fordi dei var
billegare, daa dei ikkje hadde so mange Uvanar.
Dessutan skulde dei ikkje hava det aa segja, at Samfunde
var stengt for deim; med rimeleg Fridomsstræv skulde
me døyve det galne. Han lika alt, som Georg fortalde
um Julie. Ho maatte vera «et energisk Fruentimmer»,
naar ho hadde funni paa aa gaa Arbeidsvegen av seg
sjølv i ein so ung Alder; og at Far hennar hadde
arbeidt seg upp fraa Pipeblaasar i ein umreisande
Horn-sekstett til Eigar av eit Hotel, viste at der var
«Race» i Ætti. Men daa Georg sagde, at Frøken
Lid-ner var Kjærasten hans, snudde Storr seg i Stolen og
stirde.

348

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0350.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free