- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
351

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men so fekk han ein Mistanke um, at det ikkje var
honom ho angla etter. Snarare var det denne rare og
vigtige Fyren, den «Jonathan», som Carl Petersen aldri
hadde kunna med, og som gjekk her og var halv
Frifant, av di han var juridisk Kandidat og kjend med
Sjefen.

Strakst etter fekk Carl Petersen ein Mistanke um, at
same Herr Jonathan kannhende var meir kjend med
Frøken Lindner enn han ved vilde vera.

Sidan hadde Carl Petersen eit Auga med dei tvo. Han
trudde deim ikkje lenger enn han saag deim. Han hadde
lagt Merke til, at dei kviskra til kvarandre ein Kveld;
det var altfor mistenkjelegt. Nokon Uorden paa
Kan-tore vilde han ikkje vita av; var det noko slikt, skulde
Sjefen faa vita det med same.

Han gjekk so vidt, at paa myrke Kveldar, naar han
kunde vera trygg for sin eigin Part, stod han i lange
Stundir utanfor Mad. Widstrup og lurde paa, um Julie
kannhende fekk Gjestir. Men han vart like vis. Han
saag Folk som gjekk ut og inn; men han kunde aldri
faa Gaat paa Georg Jonathan.

Men som Tidi gjekk, vart det ei Kviskring og ei
Øyg-ning paa Kantore, so Georg skyna at det maatte finnast
paa Raad.

Han tala med Onkel Jensen um det; denne sa med
sitt slørde og milde Maal: «Vi faar la’ Frøken Johnsen
løpe om og fortælle, at dere er hemmeli forlovet.» Dei
gjorde so, og Kantore vart rolegt. —

Men etter den Tid vart Georg ikkje so søkt i
Selskapslive som han hadde vori. Alle unge Damur drog seg
ifraa han; sjølve Nina Bøckmann vart kald for ei Stund.

Carl Petersen kunde ikkje halde ut med Georg i
Lengdi. Daa der vart ein Post ledig for ein Reisande,
tok han den.

351

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0353.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free