- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
350

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

meinte at det kunde løne seg aa gjera Kur til «denne
Søtungen». Men han vart burtvist med Ro. Daa var
det som Julie vann Tiltru i Kantore. Sjølve Frøken
Johnsen vart snild mot henne; ho gav henne
Kjæle-namne Lili og freista gjera seg kjend.

Men Julie torde ikkje bli for kjend med deim; dei
kunde so lett koma etter at ho hadde sine eigne Vegar
og Vandringar.

Elles saag alt ut til aa kunna gaa godt. Men so var
det Carl Petersen, Kantorsjefen.

Carl Petersen var ein Mann paa 36 Aar, ein firkanta
snild Stavangergut, med blaa Augo og eit gildt, ljost
Munnskjegg, kry baade av Augo og av Skjegge. Men
det var faarlegt aa vera ven; det visste han. Det var
desse «Tausene», maa-tru. Dei forsaag seg so lett paa
eit Par vakre Augo, eller paa eit gildt Skjegg; lagde
dei so sine Garn ut, kunde ein snart vera fanga. For
Carl Petersen var ikkje meir enn eit Menneskje han
heller. Men no vilde ikkje Carl Petersen selja seg for
godt Kaup. Naar han gifte seg, skulde det vera med
ei Dame etter hans Hovud; det skulde vera ei som det
var verdt aa gifte seg med, og ei med ein rimeleg Kapital.

Han vart svært rædd Julie Lindner.

Slike livfulle Augo spaadde heitt Blod, og den friske
Munnen med liksom ein halvløynd Smil yvi seg var
ikkje for Katten. Kom han ut for henne, so trudde han
knapt han greidde seg. Det var Folk som sa at ho hadde
ein Arv i vente; men det skulde dei ikkje koma til Carl
Petersen med; ho hadde ikkje siti her daa og ført inn
Mjøl-Rekningar. Fraa ein Kjenning fekk han dessutan
vita at Far hennar drakk; og so gjekk snart det i
Rennesteinen som han kunde eige.

Carl Petersen heldt seg so langt fraa Julie Lindner
som Raad var.

350

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0352.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free