Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ja-ja, sa Georg og reiste seg: det forstend du ikkje;
men —. Naa! Skaal, du Son av ein Bokbindar!
— Aa, du vil eg skal gaa.
— Ja.
Laurits lo og drakk ut Glase. —
— Daa han kom ut i den snøsvale Llfti, kjende han
seg glad og tenkte paa aa gaa til Helene. Han visste
han vilde vera velkomin; og so hadde han tinga henne
Plass i Kveld; det vilde ho like aa høyre. Men nei; so
vilde han ikkje. Det var for seint no; og han hadde so
mykje aa tenkje paa. Kunde det vera sant, at ho,
den einaste, den reinaste, at ho var affektera. —
— Det fyrste Georg fortalde «Frua» si var, at no
hadde han «abonnert paa ny Pige».
Du skifter visst for tidt, sa Julie. Det kann sjaa
rart ut, det og. Hav dei lite lenger; dei skal ikkje so
lett faa Greide paa meg.
Ho lagde til noko snøgt: dessutan kunde eg skifte
Namn! Du kunde kalle meg — f. Eks. Emilie.
Nei, ikkje Emilie, sa Georg rolegt. Du veit eg hev
havt ei Emilie fyrr.
Ja — dersom du ikkje hev havt fleire ?
— Nei, svara Georg roleg.
— Eller du kunde kalle meg Nina? heldt Julie fram.
— Naa!
— Dei talar enno om deg og Nina.
— Kven.
— Alle Folk.
— Alle Folk er Idiotar.
— Aa nei vel? Elles er det Frøken Johnsen, som —
— Aa naa. Er det meir?
— Ja... du kunde kalle meg Eline og; — det er
den siste! Julie slog Augo upp; dei var innharme.
— Eline Henning?
23 —Garborg I.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>