Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Ja. Ho som du gjorde Kur til hjaa Redaktør Klem
sist, men — utan Nytte segjer dei —?
— Ja. Ho er av Is. Noko aa drikke kannhende?
Han sette fram Flaske og Glas. Julie saag ut som ho
vilde graate. Nei det er nok du, som er av Is, sa ho.
Han sette seg upptil henne i Sofaen. No skal me
vera intelligente, Julie, sa han. Lat Frøken Johnsen
fara med Snakk; ho hev ikkje anna aa gjera. Me som
er gifte skal tala um vigtigare Ting, t. D. um vaare
Gjentesorgir; er det ikkje slikt, gifte Folk talar um?
Ho tagde.
Du segjer eg skifter for tidt, heldt han fram. Kva
skal eg gjera? Der er noko i Vegen med deim alle. Den
eg no hev driv det med aa sova. Kor eg kjem, og naar
eg kjem, so sit ho og søv. Eller ligg og sov; eller stend
og søv; ho søv paa alle Maatar og i alle Høve; ho kunde
taka Eksamen i det; ho er Spesialist. Fy for Satan; det
er so ein ærleg Mann kunde gifte seg! Det er nok sant
at Mann og Kvinne treng kvarandre. Kvinna maa gifte
seg av di ho ikkje kann tene Maten, og Mannen maa
gifte seg av di han ikkje kann koke Maten; so sel den
eine seg for Maten og den andre for Kokingi; og naar det
kjem til Stykke, so kann dei ikkje koke nokon av deim.
Ho drog paa Smilen, men tagde.
Han heldt fram. I huslege Spursmaal vilde han fylgje
hennar Raadir so lengi han kunde. Dersom Laurits
hadde sagt sant, so var den nye Gjenta høveleg stygg
og høveleg gamal, stal eit Minimum, og tagde som ein
Fisk. Og so hadde ho eit svært gagnlegt Lyte. Ho var
jaga fraa Plassen sin, av di ho ikkje hadde vori streng
nok mot Mannen i Huse; — den store teologiske Slasken
Braut, han var etter henne; han; Heh. Dei
Ægtemen-nane. Trur du dei er aa lite paa, um dei gjeng med
kvitt Slips? Dersom du gifter deg, Julie, so gift deg
354
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>