Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Gjerne det,» sa Georg i ein lett Tone. «Jeg lover
og sværger —.»
Nei, nei, nei, bad ho. Ho forstod kva han meinte.
Men ho kviskra noko um at det ein lova ærlegt, det
trudde ho ein kunde halde.
Eg skal lova deg ærleg, at eg aldri vil faa graatt Haar,
svara han. Vert Haaret graatt likevel, kann eg sverte
det. Vil du det?
Ho svara ikkje, berre smaasutra.
Han tok henne i Handi.
Den Gongen me slo Lag, sagde han, daa kravde du
ingin Lovnad av meg. Du skulde nok halde meg fast,
meinte du. Hugsar du det?
Ho svara, at den Gongen var ho so ung. Ho tenkte
so lett og so stutt; ho forstod ikkje lenger at ho hadde
kunna vera slik. Men naar ho tenkte paa at han kunde
gaa fraa henne naar som helst, og ho so skulde gaa der
og vera aaleine —; ja ho meinte at dersom ho kunde
faa eit visst og fast Ord av han, so vilde ho vera
tryggare. Ja, ho vilde det. Han skulde ikkje vera vond;
han skulde vera snild mot henne; ho kunde ikkje hjelpe
at ho var slik.
Skal eg skrive det med blod? spurde Georg Jonathan.
Ja men du maa tru meg! tok ho i, halvgraatande;
det er ikkje godt aa gaa soleis som eg gjeng, snikje
meg til aa vera saman med deg, liksom eg var eit
simpelt Menneskje; eg kann innbille meg alt det eg vil, so
gjeng eg som ein Syndar likevel, rædd kvart Menneskje
eg ser, at dei skal vita um det. Dei eg hadde Selskap
med fyrr torer eg ikkje sjaa; og du er ute jamt; og eg
maa halde Lag med andre. Du trur det er likso lett
for meg som for deg, du; men det er ikkje det! Og
so attpaa hava det aa tenkje paa, at ein ikkje hev det
minste aa halde seg til; ein god Dag gjeng du; so hev
356
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>