- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
357

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eg misst alle mine Vénir og hev ingen att. Du skal
ikkje undrast paa meg, Georg; du maa ikkje; høyrer du ?

Georg tagde ei Stund; han saag myrk ut. So sagde
han: alt det du seg jer og meir til hev eg sagt deg fyrr,
Julie.

Daa tok graaten henne. Ja men kjære! du maa daa
forstaa —! eg visste ikkje —! eg forstod ikkje —!
jamra ho. Eg var... so ung; eg var ... eg tenkte ...
eg tenkte berre paa deg. Det var... underlegt av deg,
at du ... ikkje ... forstod det.

Daa han ikkje svara, vart ho rædd; ho svelgde
Graaten med fast Vilje. Du skal ikkje vera vond, bad ho;
du maa ikkje vera vond; eg er visst ikkje so
intelligent som du trudde; men eg er... ja eg er rædd, Georg.

Han tok henne inn til seg. Det er sant alt det du
segjer, sa han; eg veit det; eg sa deg det fyrr. Men
du skal ikkje vera rædd. Gjeng eg fraa deg, so er ikkje
du verre farin enn eg vil vera, um du gjeng fraa meg.

Jau ... Mistankane, Mistrui, jamra ho.

Naar du finn ein intelligent Mann —! meinte han.

Der er ingin Mann, som er so intelligent. Fær han
høyre at ei Dame hev... havt noko slikt med ein
annan —; dei toler det ikkje, det veit du.

Eg vilde tola det, sagde han. So sant som eg heldt
av deg.

Det svara ho ikkje paa.

Kjære, ver modig! bad han. Lat oss vera modige,
Julie! Det vilde vera vondt, um me svikta. Eg ser paa
Flokken av deim som gifter seg; fyrst narrar dei
kvarandre med Draumar og store Ord: dei skal elske æveleg,
dei skal — aa! — og naar Draumen brest, so gjeng dei
sidan og piner Live av kvarandre med Skuldingar og
Klagemaal; so er det spilt Liv; og so er dei svikne, og
kva det er alt. Kvi skal me vera med paa slikt, Julie?

357

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0359.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free