Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
heldt Mark Oliv Huse i Gang; og dei livde og klara seg.
Ja Mark Oliv lagde seg ut; dei gruve Aksline vart so
gode og breide som dei skulde vera bygde til aa bera
Jordkula.
Ein fager Mai-Morgon, daa han stod ferdug og skulde
paa Kantore — det var berre Pipa, han saag etter —,
kom ho luskande og var so blid og rar, og lagde seg
upp til han og kviskra. Han slog Armane om henne som
ein Orangutang: «er det sant?!» «Ja, ja, ja;» ho lo;
og ho var so varm. Daa kysste han henne med
Bjørne-faktir; «det,» sa han, «det skal du ha Tillitsvotum for!»
Og so lo han; og so lo dei; og so kysste dei kvarandre
ein Gong til.
Og Markus Olivarius Markussen marsera gjenom Byen
so diger og stolt som han aatte heile Greida. Og
Tankane hans flaug som Ørnar gjenom Framtidi: vart det
Gut, skulde han vera Vitskapsmann; var det Gjente,
skulde ho innføre divided skirts. Og han svinga med
Staven og hyfste i Aksline og fyllte halve Gata med
sin breide Rygg; og um han hadde møtt eit Lokomotiv,
so hadde han knapt vori viss paa, at det nettupp var
han, som skulde vike or Vegen.
Men nokre Dager etter baud han Laurits
Arbeidsrome sitt for tolv Kronur Maanaden. Enn De sjølv daa ?
spurde Laurits. Fleire Folk, mindre Rom, svara Mark
Oliv med ein still Smil. «Aa!» sa Laurits, han vart lite
rar um Augo; «gratulerer!» —
Millom deim som Dagmar raaka hjaa Helga var Fru
Bøckmann.
Ho kom her, naar ho sturde som verst. «Av alle
Fruentimmer i Verden,» sa ho, var Helga, «Satan lyne
mej,» den einaste ho trudde.
So kunde ho sitja der heile, lange Ettermiddagen og
jamre yvi «den dumme Verden»; og Helga maatte helst
371
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>