Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Helga var so «gift» no. Ho var kolna i Trui og slokna
i Hugen og heldt seg mykje for lite stram i Viljen. Ho
tenkte berre paa denne Mannen sin; ho vart Husdyr
som dei andre. Ho var so forsona. So fornøgd.
Godsleg og smilande, naar ho skulde vera streng og harm.
Kunde ein tru paa Helga lenger, som ho no var?
Men godt gift fekk ein segja ho var, paa sin Maate.
Det var eit parlamentarisk Ægteskap, som Mark Oliv
sagde. I det store og heile var der Samarbeid millom
Statsmagtine. Han sette henne inn i sine Paafund, og
ho lærde han upp i «Emancipation», so han snart skulde
vera likso ihuga for Kvinnesaki som han var for
Skjel-jar og Skyttarlag; berre han ikkje vilde hefte seg burt
med Serspursmaal. Ho hadde han alt mistenkt for, at
det han lagde mest Lag paa i Kvinnesaki var Tanken
um divided skirts.
Mest Mas hadde Statsmagtine med Budgette.
Han var Folke som betala, og skulde daa au vera den
som raadde for Kassa. Men Regjeringi var ute med sine
Fortolkningskunstir og Overgrip og hadde snart meir
aa segja yvi Budgette enn han fann «principrett». Strid
var der helst um dei «tilfældige og uforudseede»
Utgif-tir; for det var paa den Kontoen, Administrasjonane
«snaut». Men Regjeringi visste Raad; knipte Folke meir
enn rimeleg, so spara ho paa Toddy-Konjaken; og det
kunde Folke paa ingin Maate like.
Og so var det ein Post, som Regjeringi gjerne vilde
knipe paa; det var lümmepengane hans; dei vart alltid
knappe. Stundom vart dei «ækvale Null». Daa stakk
ho elles gjerne til han ei Krone av dei «tilfældige», av
di det var han som skulde «repræsentere udad».
Slik bauta dei seg fram fraa Maanad til Maanad.
Verst var det naar den store Obligasjonen kom,
«Bryl-laupsobligasjonen». Men med eit Grand Heimearbeid
370
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>