- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
373

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som kjem og tek oss; og dei som tek oss, dei fær oss.
Lat ikkje Mennane faa vita um dette, Frøken! men det
er sant; ved Gud, det er so sant so. Mistyd meg ikkje!
Me kann elske, me og; men hev De lagt Merke til —;
det er alltid «den andre» me elskar; og so gifter me
oss med den me ikkje bryr oss um, og græt litegrand
for «den andre», og so gjeng det yvi um ein Maanad.
Ja, ja; ja, ja, sulla ho; Gud veit, kva me skal vera
til for.

Dagmar gjekk heim i mange Tankar. —

— Syttande Mai var blaasande og kald. Det var
korkje Vaar eller Vinter, og Himilen var korkje klaar
eller myrk; alt var halvt og midt imillom; saag minst
av alt festlegt ut. Men der var Flag uppe paa alle
Stengar, og Kristianiafolke gjekk med Trikolorbande
paa Bringa og lange, keide Andlit og var ferduge til aa
halde Fest naar som helst Festen vilde koma.

Klokka 7 um Morgonen hadde Hornmusiken blesi
Koralar fraa Kyrkjetörne for Morgonfuglane. Klokka
tolv kom Smaagutferdi. Dei smaae jubla heile Vegen,
for det hadde dei Lov til; og dei Tusund Smaaflaggi i
breid Rad ned gjenom Karl Johan tok seg ut som eit
friskt endelaust Blomsterbelte. Men Høgreredaktørar
gjekk og rekna etter, kor mange av Smaaflaggi det
kunde vera som hadde «det blaagule».

Klokka 6 kom den store Festferdi. Eidsvollsplassen,
Karl Johan, Kyrkjegata var svarte av Folk, Vindaugo
ljose av Andlit og Damehalsar, Ferdi endelaus: tri og
treti Fanur, Studentane i Fyrienden med Ula, so
Arbeidarane med Bikuba, so Snikkarar, Smedar, Bakarar,
Songarar, Maatehaldsmennar, alle Slags Mennar, med
Hamrar og Hyvlar og Lyrur og rare mytologiske
Figurar, som alle undra seg yvi og ingin forstod.

Det var tri Hornblaasar-Kor med i Ferdi, og til To-

373

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0375.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free