- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
374

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nane av «Ja vi elsker» kom Fanune vaggande ned
gje-nom Gata, ei for ei, kavande i Blaastren yvi den
yr-jande Folkemengdi som bundne flaksande Fuglar. Det
høyrdest ikkje Rop eller Song, og ikkje høg Tale; men
ettersom kvart Merke kom til Stortingsbygningen, vart
det ropa Hurra; og det gjorde dei trygt; for det stod
paa Programe.

Byen var roleg som ein Ladestad, og denne Festferdi
kunde likso godt ha vori ei Likferd. Men mange Slags
Tankar æste under Vaarfrakkane; og det var ikkje
mange av dei stillfarande Folk som her gjekk og stod,
som ikkje vilde ha vori ferduge kva Tid og Time som
helst til aa stige fram mot kven som helst og disputere
seg til Blods um det absolute Veto.

— Etter Festferdi gjekk Helga, Dagmar og Mark
Oliv og dreiv ei Stund; Laurits, som endeleg fann deim,
slo Lag. Han var ille farin i Dag; Presten hadde sendt
han paa Lande; han skulde vera Huslærar. «Ja; men
De hev Tidi for Dykk,» sagde Mark Oliv. «Ja kanskje
det,» svara Laurits; han gjekk og glytte paa Dagmar
fraa Sida og gret mest. So raaka dei Georg Jonathan
saman med Fru Bøckmann; strakst etter saag Laurits
Julie Lindner saman med ein Herre han ikkje kjende,
ein staut Kar, med blaae Augo og ljost Munnskjegg.

So kom Frigstad med tvo av «Trollkjeringane»; dei
tvo Lagi slog seg ihop. Det store Spursmaale var, kvar
dei skulde gjera av seg. Dei vilde gjerne hava Moro i
Kveld, men kunde inginting finne paa. «Ja jeg vil hjem,»
sagde Helga; ho saag bleik ut. Mark Oliv fylgde henne;
«min Kone er træt,» sa han stilt. —-

Sidan gjekk dei andre og dreiv og var leide. Skulde
dei gaa paa Folkefesten? — Nei. I Arbeidarsamfunde?
— For fullt av Folk. Paa Teatre ? — For lite av «vaare
Folk», — so paa ein Syttande.

374

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0376.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free