- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
380

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

tok til aa s jaa livlege ut; Glas klingra og Sigarar og
Snaddur brann; det var greidt aa sjaa at Folk hadde
sett seg til her for Aalvor.

Ein jamn, døyvd Surr av Samtale og Laatt tok til aa
fylle Romi. Og gjenom Tobaksrøyken som tetna og
tetna kunde ein sjaa, at det glødde upp til Ordstrid her
og der; Hendar tok til aa hogge i Lufti, og Skallar tok
til aa raudne. Ender og daa høyrde ein høge Rop eller
sterke Laattar skjote seg upp or det store Grunnskravle,
som Geysersprutar or eit kokande Dy.

Det var Vetostriden som var uppe ved dei fleste
Bordi; det snødde med Jus og hagla med
Grunnlovsparagrafar. Det absolute Veto vart sannprova og tynt,
og dei førande politiske Mennar hudflengde og
lov-sungne; Huse Bernadotte vart avsett ein Gong i
Minutten, og Radikalaren Johan Sverdrup likso ofte send til
Helvite eller skotin.

Det kom Folk alt i eitt; akademiske Borgarar og
Kunstnarar. Myrk og uglad steig Bjølsvik inn; han
saag ut som han ikkje venta seg stor Moro her heller.
Ved Sofaborde i det ytre Rome fann han seg Sess; der
sette han seg til aa sture yvi ein Pjolter og eit Numer
av «Fliegende». Skravle gjekk rundt han i høge Sjøar;
Folk hadde mykje usnakka i Kveld. Han høyrde paa det
stund-imillom med halve Øyro.

Midt framfor han i Sofaen sat Privatlæraren
Hum-melvik og greidde ut for ein eldre Herre, at Høgrepartie
var ein Drake som laag og valt ut-yvi Lande og laag
det ned. Den eldre Herren svara, at Vinstrepartie var
ein Saueflokk; stakk ein ut ein Pinde og fekk
Storbukken til aa hoppe yvi den Pinden, so kunde ein gjerne
taka Pinden burt att; alle dei andre hoppa etter like
godt; og dei smaa Gimbrane, dei som berre var eit Aar
gamle, dei hoppa no so uendeleg høgt! Men for Enden

380

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0382.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free