Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dagmar tok Laurits under Armen. Ho vilde heim;
han fylgde. Utanfor Porten stod ho og rasa ein halv
Time yvi Bjølsvik. Han var eit Mannfolk; det einaste
gode ved han var at han sagde beint ut det andre heller
freista aa dylja no for Tidi.
Laurits sa ha og ja og var reint som burte. Men daa
dei fekk kvarandre i Hendane til Godnatt, so kunde han
ikkje sleppe den Handi; og ho heldt fast ho med; daa
sansa han seg ikkje lenger. Blode svimra susande upp
til Hovude; ei veldig Bylgje fyllte Bringa, tok Pusten;
han kviskra det einaste Orde han kunde finne: Dagmar;
til Svar fekk han ein Kyss, en sterk, viljefyllt Kyss.
Han tumla heim utan Sans og Samling. Ein Tanke
hadde han: det vart mange Aar fram, fyrr han kunde
gifte seg. Men dei var unge; dei hadde Tidi for seg;
Tidi for seg; no berre arbeide; arbeide...
Ho gjekk upp-paa Rome sitt, uroleg, underleg kald;
ho hadde Hjartebanking; Hendane dirra. «Men det
skal være den rette;» sagde ho; og so trøysta ho seg
med, at kannhende vart ho ikkje den sist gifte likevel
av «Trekløveret».
XL
Det var folksamt den Kvelden i Restaurasjonen i
Studentersamfunde.
Alle dei faste sat der; og paa den 17de drakk dei med
godt Samvit. Attaat var det all den Mengdi som kom
serskilt «i Anledning Dagen»: unge Studentar, som etter
Skikk og Vedtekt skulde drikke seg fulde for Fridomen;
eldre Studentar som vilde friske paa gamle Minne;
Ægtemennar som denne eine Dagen um Aare hadde Lov
aa vera ute til Klokka tolv. Dei myrke, innrøykte Romi
379
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>