- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
382

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje det i Verdi som skulde skræme han; alt kunde
den som elska. Men no var ho komi so langt ifraa han,
at Vaarherre maatte vita kvar han skulde finne henne
att. Han hadde skræmt henne. Sanningi var vel elles,
at ho aldri hadde havt Tanke for han. Hadde ho det
havt, so vilde ho ha set, at han heldt av henne.

Millom deim som kom var Maalaren Otto Nielsen;
han sette seg burt-til Bjølsvik og helsa han fraa
Constance. Han og ein annan Maalar hadde vori ute og
set til henne i Dag, fortalde han; ho laag og
«galoppera» og skulde døy i Natt eller so.

Men det var det beste som kunde hende henne, meinte
Nielsen; han sat og laga ein Whiskytoddy. So slapp ho
aa koma i Vik’a. Det hadde vori vondt aa sjaa henne
att no. Ho var so avfalli. Berre Skinn og Bein og eit
Par skræmeleg store Augo. Kroppen kom burt i dei
Fillune ho laag i. Mæle hadde ho ikkje; ho kunde berre
kviskre; i Munnvikine var Skum. Men rædd var ho
ikkje; ho hadde vel ikkje Kraft til det. Ho berre jamra
seg for, at det var vondt aa skiljast fraa gamle Vénir;
dei fleste hadde elles gløymt henne no. Ja og so var
det Systeri, Ottilie. Den vakre f jortanaars Ungen maatte
alt gaa paa Gata etter Herrar, so det vart Mat til Huse.
Det turvtest so mykje no. Constance trøysta seg med,
at det var mange som laut taka til med slikt Liv i endaa
yngre Alder. Presten hadde vori hjaa henne; men han
hadde ikkje vori fornøgd. Ho var ikkje angerfull nok,
hadde han sagt. «Liksom det var saa lett aa angre paa
det, som har vært den eneste Moroa i Verden,» sa
Constance. Ho slo seg til Ro med, at ho hadde vori snild
mot Gutane sine, og at ho aldri hadde havt med andre
enn Maalarar aa gjera. Mot deim hadde ho vori trufast.
Ja ho hadde det. I andre Maatar hadde ho gjort det ho
kunde; han Gamlingen som laag burti Benken, han vilde

382

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0384.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free