Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
segja det same um han kunde tala. Dei tvo Maalarane
hadde gjevi henne dei Skillingane dei hadde paa seg,
seks Kronur og nokre og femti Øre i alt; Otto Nielsen
hadde jamvel freista so smaatt aa tala Gudsord.
Vaar-herre vilde visst vera rimeleg mot henne, sa han; «du
har sliti vondt nok i dine Daer, Constance.» «Aa ja,»
svara ho; «men jeg har da havt mye godt ossaa.» Her
braastana Otto Nielsen; han drakk, glyrde med Augo
og drog seg nervøst i Skjegge.
Bjølsvik sat og tagde. Han brydde seg so lite um
Constance. Dei kunde liva og døy for honom kven som
vilde. Der var berre ein Ting som vedkom honom; berre
ein einaste Ting. Men han kjende paa seg, at han maatte
segja noko; og so sagde han:
«Ja; vi er noen Svin. Vi er Svin. Men hva Satan
ska vi gjøre ?»
Otto Nielsen meinte me fekk gjera som dei gjorde i
Bergen naar det regnde. So lengi her var Kvinfolk som
selde seg, so maatte me vera galne um me ikkje kaupte.
«Og saa er det saa forbanna bra med det, at her er aa
faa til alle Priser,» lagde han til, «saa vi Fattigfolk
ogsaa blir hjulpne.»
Bjølsvik knurra og drakk.
Ja — ja, sagde Otto Nielsen; men det er kanskje
ikkje so vondt som det ser ut til for Kvinfolki heller.
Her for eit Par Aar sidan var det tolv Koristinnur paa
Tivoli Teater; og dei hadde Barn kvar ei av deim; men
det Barne, sagde dei alle, var den einaste Gleda dei
hadde i Verdi. Dei var so glade i dei Ungane sine, at
det var meiningslaust.
Otto Nielsen sat og saag seg um ei Stund; so sagde
han: han drikk svært, Hummelvik, i Kveld.
Han drikk som ei Merr, svara Bjølsvik; det er vel
Kjeringi som er leid med han att.
383
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>