- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
385

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

parten Konjak og drakk med ein Gong halve Glase.
«Det ta’r paa aa fatte en saadan Beslutning,» sagde
han. «Har Di fattet den Beslutningen akkurat nu?»
spurde Otto Nielsen. «For fem Minutter siden,» svara
Georg. Han kveikte ein Sigar.

— Baade det ytre og det indre Rome var stappfulle
med Folk; og der var eit Skravl utan Ende. Yvi det
heile laag Tobaksrøyken graa og døyvande som Ull;
gjenom den stræva Gasljosi og lyste det beste dei vann,
liksom Lyktir i Skodde.

Medisinarane dreiv paa med sitt; fortalde um den og
den som hadde havt Sjukdomen; rekna ut kor mange
Tilfelle det var for Maanaden her i Byen; gissa paa,
kor mange det kunde vera av desse Karane her i Kveld,
som hadde vori ille ute. Og dei unge Herrane sat og
saag morske og likesæle ut, og brüka brutale Ord og
ein kald Tone; for det høyrde med til Fage. Ein av deim
fortalde um gamle «Jokum»; han hadde vori halv Idiot
i sine siste Aar; «men tilslutt fik han en lys Ide: fandt
sej et Rep og hengte sej opp paa Sovekammervæggen
som en gammel Slobrokk.» Dei andre nikka; «resolutt
Fyr,» sagde dei.

Gabriel Gram kom drivande fraa eit av Smaa-Romi;
gjekk og saag seg ikring, liksom han leitte etter
einkvan; rusla sistpaa burt til Hummelvik. «Du
Hummel-vik?» sagde han; «no kan du jagu laane meg fem
Kroner.»

Hummelvik stirde med halvdrukne Augo: «Kroner?
— fører ikke Kroner. Fører ikke Kroner. Toskehue.»

Men Gram visste at Hummelvik hadde havt Pengar
for eit Par Dagar siden; kor hadde han gjort av
deim?

Hummelvik stirde endaa ei Stund; Tankane gjekk
ikkje fort i Hovude hans denne Kvelden. So tok han

25 — Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0387.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free