Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Barne fraa henne og lagde det burtpaa Sengi. Ho etter.
So; legg no De Dykk der. Ho var so svevnug at ho
ikkje samla; ho krabba seg upp, arm, mager, sveit yvi
den gulbleike Panna, eit ihelsprengt Dyr... Vekk meg
endeleg, vekk meg —, sa ho og sov. Jonathan saag paa
henne; riste paa Hovude; sette seg.
Endaa vel, so lengi Barne var rolegt. Han tok ei Bok
som laag millom Koppar og Medisinflaskur paa Borde;
det var Mauritz Hansens Forteljingar. Hm; slikt her?
Han sat og bledde i Boki; allting handla um Kjærleik.
Men i denne Stundi lika han ikkje aa lesa um Kjærleik.
Han gleid inn i Sogo um Palmyra og Dronning Zenobia.
Det var lettande aa lesa denne øre magnetiske
Draumen; so slapp han aa tenkje. Ender og daa høyrde
han Barne sangre litegrand; men han lét Helene sova.
Stundom laut han sjaa burt, um ho livde; ho laag der
som eit burtkasta Plagg; rørde seg ikkje. So gav han
seg paa nytt i Lag med Dronning Zenobia i Palmyra.
Men det var ikkje Zenobia og Palmyra; det var Sara
og Abraham. Og Sara lét Abraham gaa inn til Hagar;
og daa dét var gjort, vart Hagar jaga Fanden i Vald.
No laag ho ute paa Viddi og fødde Esau; og det var
reint paa eit Raam, um det kom ein Engel og gav deim
Mat og Vatn. Og Gud veit kvar Hagar vart av; men
Esau vart ein Lausunge og ein Laban, som ingin vilde
kjennast ved; og Ismael vilde ikkje gjeva han Rett med
seg, um so Esau for det baud han alle sine Skinnfeldar.
Her inne paa det gamle Lofte, der han no gjekk og
dreiv, kunde han inginting sjaa; men ein Prest stod og
eksaminera han i Pontoppidan; og den kunde han ikkje.
Dersom han endaa kunde faa fat paa den rette Georg
Jonathan; men han gjekk der uppe i Kore og stelte med
nokre Skinnfeldar. Det var ikkje Skinnfeldar. Det var
Prestar; og no kom dei skridande ned Kyrkjegolve med
408
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>