Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
og smatta, smatta; Graaten sangra og skalv so
hjelpelaus og so rædd; men fram or den forpinte vesle Bringa
skar det seg med ein Gong eit Skrik, eit stygt, langt
Skrik, villt og fælt, midt imillom Jammer og Laatt; det
var Hosten; Barne skulde hoste, men hadde ikkje Kraft
til det. Aa Gud, Gud! grét Mori hjelpelaust og saart;
grét utan Taarur, for ho hadde ikkje fleire. Jonathan
tok Overfrakken av seg og sette seg; han vilde vera
her i Natt.
Ridi gjekk snart yvi; Barne laag der som i ein Dorm.
Ho er so trøytt, sagde Helene; soleis hev ho legi og
stridt i tri Dagar. Stakkars Arming, som skal lide so
uskyldigt. Og ho grét ved Tanken; men det var ikkje
Graat; det var berre Andlite som vreid seg, so kvar
Sege steig blaanande fram gjenom den matte, sveitte
Hudi. Men Barne laag og anda so tungt; stundom
mimra det med Munnen og smatta, eller saag upp med
øre, stygge Augo utan Vit. Men inn i dei Augo stirde
Helene jamrande; ho liksom leitte etter Barne sitt i
deim, men fann det ikkje.
Slik sat dei ei lang Stund; Jonathan trega mest paa
at han hadde sett seg til. Det var faavisst i Grunnen;
sentimentalt; Ungen krepera visst ikkje i Natt. Men
naar han saag paa Helene, forvakt og utgraati som ho
der sat, slo han seg til Ro att. Det kunde hende ho
kom til aa trenge um Hjelp endaa.
Helene sat heile Tidi og vogga Barne paa Fange og
stirde paa det med raude, svulne Augo. Sistpaa saag
han at ho var aat aa somne; ho slakna av og seig ihop;
det jammerleg skrinne Andlite folna og stivna; ho
raadde knapt med seg. No legg De Dykk, sagde
Jonathan. Kjem det noko paa, skal eg vekkje. Ho skvatt
upp. Nei; ho torde ikkje. Sat ei Stund og tvinga seg;
so kom Svevnørska paa nytt. Jonathan reiste seg; tok
407
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>