- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
410

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ridine gjekk paa i burtimot tvo endelause Timar.

Helene tok til aa beda til Jesus; og ho kava og stridde
og leid med Barne sitt alt det ho kunde, men utan Nytte.
Ho bad ikkje lenger um Frelse for vesle Gunda; ho bad
berre um at ho snart maatte faa døy. Aa Herre Gud,
kom og tak henne; aa Herre Jesus, kom og forløys
henne, bad ho; og nyfødde Taarur draup or dei raude
Augo og rann nedetter Nosi i tunge salte Dropar. Men
det gjekk Minutt etter Minutt, Minutt etter Minutt; og
det vart fem Minuttar; og fem Minuttar til; og tie
Minuttar; og eit Korter, og endaa eit Korter...

Vesle Gunda laag og stridde og kunde ikkje faa døy.
Ho hadde ei Rikling i Halsen, so ho stundom vilde
kovne; fekk Dropar eit Par Gongir, men det nytta
ikkje. Og det var so vondt for henne aa svelja. Lat
det vera, sagde Jonathan.

Med ein Gong saag han, at Helene vilde siga i Uvit.
Ho falma i Andlite; og Armane seig valne nedetter
henne, so Barne vilde velte paa Golve. Jonathan upp;
fekk Tak i henne; gav henne Vatn og Nafta. Snart
etter stilna Barne av. Andlite var ikkje so blaatt og
stygt som fyrr, snarare gult; men i Lampeljose vart
det gule bleikt. Jonathan tok til aa tala um, at no fekk
det kannhende sova ei Stund; og so vakna det styrkt
i Morgo. Men det var den Riklingi i Halsen. Og so dei
Augo som var so øre og stygge og med denne perlande
Sveitten ikring; og Nosi var so kvass aa sjaa til; og
Munnen smatta og smatta. Helene sagde inginting.
Berre ender og daa kom ro ramsande med sine Bønir:
aa Herre Gud, lat henne sleppe no; aa Herre Jesus,
lat henne ikkje lide lenger. Jonathan hadde aldri livt
so long ei Natt.

Helene tok til aa snakke um Doktaren. Det vilde vel
ikkje nytte stort; men det kunde vera godt aa vita at

410

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0412.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free