- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
411

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

inginting var forsømt. Jonathan baud seg til aa gaa;
daa vart ho rædd; det vilde vera so fælt aa vera aaleine.
I det same skreik ho hardt upp: aah! sjaa! ho vert
svart! hjelp meg! døyr ho? svart! blaa! Aa Herre Gud
Fader —

Jonathan flaug til og maatte halde henne uppe. Han
saag Barne i Andlite; det var svartblaatt med opin
Munn og uppspilde skræmde Augo som brast. Det var
Dauden. Faa att Augo paa det! kvesste han i; og
Munnen! Dette hjelpte henne. Ho fekk Magt yvi seg sjølv;
ja, ja! sagde ho, og freista aa gjera som han sagde.
Men Augnelöki var alt stive; han maatte hjelpe henne.
«Er det... er det slutt ?» spurde Helene, liksom ho
ikkje torde tru det. Ja; no var det slutt.

Men Helene tok til, halvt graatande, halvt glad aa
takke Gud for, at han hadde teki den vesle til seg. So
gav ho seg til aa tala med eit lespande Barnemaal,
liksom ho helsa fraa den vesle burtfarne: no ska de
ha Takk for meg; no er eg vel fari; no skal eg ikkje
bli sett ut til framande Folk og lide vondt; no hev eg
det godt, Mamma mi;» og ho grét, men rolegt og utan
Liding.

Ja no fær De sjaa aa faa Like stelt og klædt, sagde
Jonathan. Hev De varmt Vatn? De maa vaske det fyrr
det vert kaldt, ser De. Ja ho hadde varmt Vatn; det
stod paa Omnen og skulde vori brukt i Morgo. No fekk
ho det ant med aa stelle Like, og vart meir og meir seg
sjølv. Men eit Par Gongir spurde ho, um det daa var
visst at Barne var slokna. For som det no laag der,
ljost og rolegt og vent, saag det ut som det sov, og som
det kvar Stundi kunde vakne.

So klædde ho Like i den nye Daapsskjorta, som ho
hadde sauma i so mange urolege Tankar. Og daa Barne
fekk den paa seg, vart det so fagert at ho vart reint

411

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0413.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free