- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
433

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

koma i Ro og Arbeid. Heime visste dei inginting; Georg
Jonathan hadde vori so hjelpsam og snild, at det var
meir enn ventande av ein slik Mann. Og dei ho no var
hjaa, dei trudde det ho hadde fortalt deim. Det kunde
koma i Skikk alt no, berre ikkje den Satans Kjeringi —
Laurits tok henne i Handi og sagde at ho kunde vera
trygg. Han skulde hjelpe henne. Berre ho ikkje
vilde vera vond paa han for det andre. «Du faar tilgji
mej, Helene; du faar ikke ha Nag til mej!» Laurits
vart mjuk i Maale.

Pytt, det andre gjorde inginting; det var ikkje noko
aa snakke um, meinte Helene.

Han forsikra dyrare og dyrare, at han skulde hjelpe
henne. Han stod og heldt henne i Handi, som var varm
og mjuk; Pusten tok til aa gaa tungt for han; han
sukka mot sin Vilje.

Ho trudde sistpaa det ho gjerne vilde tru; og det kom
eit mildare Lag yvi henne; ho gav seg til aa fortelja um
Gunda, vesle Gunda; kor snild ho hadde vöri, og kor
sorgfullt det var daa ho maatte døy. So reiste ho seg
og vilde gaa; han kjende Kloi av den vonde Lysti
rivande i Bringa; dimm i Augo, bleiknande um Andlit og
Hals fekk han Armane um Live hennar: «du maa være
snild!» kviskra han. Ho kjende, ho høyrde kor Hjarta
hans slo; ho vart bleik: «ja men naa vét Dere, at Dere
maa vera forsigti!» «Ja, ja!» svara han og skalv. Han
drog henne aat Sengi, braut henne ned, fekk henne uppi,
sleit henne tilrettes; daa reiste ho seg halvt; vilde ikkje
vera med; «der kan komme noen!» Han aat Døri; læste:
kom att: «du maa vera snild!» «Ja men nu vét Dere,
at Dere maa være forsigti!» —

— Han sat ved Borde ei Stund etter; bøygd i Aksline;
tagde som Muren. Ho tok paa seg Kaape og Hatt; stelte
paa Kjolen; vreid upp Laasen med stilt Tak og luska

28 a — Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0435.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free