Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Politie vilde hava henne i Klemme, det visste ho. Politie
trudde paa Presten, og Presten trudde paa Kjeringi; og
Kjeringi innbilte seg, at det var Georg Jonathan som
var Barnefar. Men at Presten Broch kunde tru paa slik
ei Fantekjering! Heile Grønland visste at ho aldri sagde
eit sant Ord. Ho laug um ho aldri hadde Naud paa; no
skulde Laurits høyre; no skulde han berre høyre ...
«Ja, ja, ja,» bad Laurits, «la’ nu det være; men hva
var det Di vilde spørre mej om?»
Det som Helene vilde spyrja um var, um ikkje
Laurits kunde gaa til Presten Broch og faa honom til aa
snakke med Politie, so alt dette kunde døyvast ned. Ho
vilde ikkje i Straff. Ho var øydelagd med ein Gong,
dersom ho kom i Straff. Og dette her hadde ho gjort
berre i Tankeløyse. Ho hadde ikkje tenkt at det var
faarlegt med Far til ein daud Unge; og naar det
dessutan kunde vera til so stor Hjelp for Laurits so —. For
Politie hadde ho sagt det same som for Presten; og ho
vilde halde paa sitt, so lengi dei ikkje kravde Eid; men
kravde dei den, fekk ho segja Sanningi; han kunde vita
ho vilde ikkje sverja seg inn i Helvite for slikt noko
Tøys. Berre for si eigi Skuld burde Laurits gaa til
Presten. Politie gav ikkje upp; so lengi Presten vilde,
heldt nok det paa; og Kjeringi gjekk og laug for alle
ihop med søte Ord ...
Ja; Laurits skulde tenkje paa det. Kom det so langt
som til Sak, so skulde han hjelpe henne. Vart det ikkje
onnor Raad, skulde han laane Pengar og sende henne til
Amerika. Ho kunde vita at han lét henne ikkje koma
i Straff. Etter det som han hadde gjort mot henne —
Ja det skal me ikkje snakke um, svara Helene. Det
kann vera det same; berre eg slepp ifraa dette.
Herre Gud! at ho skulde koma uppi slikt. No hadde
ho so visst tenkt at alt var yvi-stridt, og at ho skulde
432
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>