- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
435

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Laurits saag paa han med Mothug. «Ja; det er mej,»
sagde han, daa Georg tok Lorgnetten paa seg og gav
seg til aa glo. Georg reiste seg og helsa. Han heldt seg
litt fornæm; dei smaae blaae Augo hadde noko
spottande.

«Du har travelt?» spurde Laurits.

Aa ja. Han var so smaatt i Ferd med aa friske paa
Jus’en sin; han og ein ung Advokat vilde slaa Lag um
eit Aars Tid og halde Sakførarkantor her i Byen. Det
vart meir Fritid daa, meinte Georg, enn um ein skulde
gaa som Chef for eit Handelshus.

Og so vil du slaa deg paa Politiken? sagde Laurits.

Kanskje; noko maatte ein slaa seg paa.

Laurits tagde eit Grand. So sagde han, at han trudde
ikkje Georg skulde freiste med det. Du er so ...
annar-leis enn andre; du fær ikkje Folk til aa tru paa deg.

Tru paa meg? Trur dei ikkje, skal dei faa sjaa, svara
Georg.

«Skal du ikkje sitte forresten?»

Jau takk; litegrand. Det var ein Ting, han maatte
tala um.

«Naa; du har kjørt dej fast naa,» svara Georg.

Det var nyleg lagt i Omnen; det brann og braka
lysteleg med friske Smell. Laurits satte seg i ein
Kaminstol; der vart han sitjande med Nakken mot Georg.
«Har du isinde aa lyve i Kveld?» spurde denne. Nei,
ikkje i Kveld, svara Laurits snøgt; han snudde paa
Stolen so godt det lét seg gjera.

Men eg laug for deg, daa eg fortalde um den
Sy-gjenta, heldt Laurits fram; og det var det eg no vilde
rette paa.

«Takk; vil du la det være,» sagde Georg Jonathan.

Han hadde ikkje Bruk for Sanningi no. Den som ein
god Dag kunde koma upp for Politie, skulde ingin Ting

28 b — Garborg I.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0437.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free