Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vita; narre Politie var Borgarplikt. «Har du løjet, faar
du staa ved det.»
Laurits saag skræmd ut.
Det eg vil fortelja er, tok han i um ei Stund, at eg
hev havt med ei Gjente aa gjera, baade fyrr eg vart
forlova og etter. Stygt og skamlaust hev eg bori meg
aat. I Dag, i denne Dag; det fyrste eg gjorde daa eg
kom til Byen —; fy, fy; no kann eg aldri sjaa att
Dagmar.
Nei nei, svara Georg. «Dumheden faar sin Straff.»
Laurits saag paa Georg med Bøn i Augo; sorgfull og
modlaus heldt han fram: dersom ein endaa kunde segja
henne det. Dersom ein kunde forklaare det; dersom ho
kunde forstaa det. Men segja det til henne er det same
som aa gjeva henne upp.
«Ja hun er gal,» sagde Georg: «hvad skal nu
egentlig du med henne.»
Ho er den beste Gjenta i Verdi! svara Laurits; men
kor kann ei Dame forstaa slikt. Eg forstend det ikkje
sjølv. Slik Griseskap —
«Dumhed,» sagde Georg.
«Begge Dele, begge Dele.»
Ja; du gjev henne upp daa?
Det er so lett aa segja det, jamra Laurits.
Men liva med ei Gjente som henne med slikt usagt,
det kunde han ikkje heller. Og narre henne paa so
stygg ein Maate, ho som hadde sagt han like ut at ho
hata slik Ferd —; nei, nei, nei, kva skulde han gjera.
Du veit, svara Georg, at den eine ikkje kann gjeva
den andre Raadir. Den som ikkje kann raade seg sjølv,
han ryk til Helvite; og det fortenar han. Du for din
Part maa ikkje innbille deg at du slepp gjenom Verdi
med heilt Skinn; du er ikkje soleis skapt.
Visste eg kva eg skulde gjera, sukke Laurits.
436
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>