- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
440

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

der Modellering i den Bjørnen som ligg der so flat som
ein Hyvlebenk ...

Laurits snikte seg inn i det indre Romet; der var
ingin.

Han gjekk til Avisborde. Der laag «Morgenbladet»
og «Dagbladet» og «Verdens Gang» og alle dei andre
sprekkfulle av Veto. Inginting som kunde vera honom
til Hjelp.

«Om Forladelse, er det ikke Kruse?» gneldra det fraa
Omnskraai; Laurits snudde seg; der sat det ein Fyr og
sturde likevel. Det var Medisinaren Kvaale.

Laurits fekk ein Toddy og sett seg burt-til han;
Kvaale var glad for han fekk Selskap. Det var fælt
aa vera aaleine naar ein var paa Fyll, sagde han,
urimeleg sinna, smilande.

Fyll? Jagu var han paa Fyll. Han drakk aldri; men
kom han paa Rangel ein Gong, so var det ikkje Vit.
Han heldt paa, til dess han laag der.

Det var Samvite. «Di vét ikke hva det vil si aa vaagne
av en Rangel Di. Hodepine, Tømmermenn — ingenting.
Nei; Di skulde prøve aa vaagne av vond Samvittighet!»

Laurits smaka ofte paa Toddyen; det gjorde godt,
sagde han. «Det er forresten vond Samvittighed som
driver mej til aa drikke i Kveld.»

Jaso; var det det.

Ein turvte ikkje vera gamall, fyrr ein var komin so
langt, at ein... ikkje hadde stort anna enn Toddyen
aa taka til.

D’er vel Kjærasten daa, gneldra Kvaale. Uppsagd. Ja
det maa vera vondt.

Laurits var ikkje uppsagd. Men ein kunde ha Ting
paa Samvite, som — hm.

Galei daa? Fy for Pokkeren. «Ja en blir fælt saa
moralsk, naar en har vært paa Galei.»

440

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0442.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free