Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
segja Sanningi; han hadde aldri tenkt paa anna. Og
anna var det ikkje aa gjera heller; ho vilde snart
forstaa, at det var noko han gjekk og bar paa. Og daa
kunde ein aldri vera glad; alt som skulde vera Glede og
Hyggje krengde seg um til vondt Samvit og Sut; heller
slite si Tid i ærleg Sorg enn gaa i alle sine Dagar med
den Vonde paa Nakken.
Ute var vintermyrkt og svart; det var som eit
uende-legt Gap aa sjaa inn i. Det snødde tettare enn fyrr.
Glasi paa Lyktom klabba seg til med Snø; i Parken stod
Tréi og sveipte seg inn i Snø som i Vinterkjolar; alt
stod og gav seg yvi og lét seg snøe ned; Laurits skulde
gjerne gjera det same.
Ned yvi Slottsbakken og Karl Johan stod Lyktine i
skakke Radir og brann daudt og døyvt som Ljos yvi
Lik. Faae Folk var ute. Dei sveipte seg i Vinterfrakkar
og gjekk med Hovudi bøygde; ein høyrde ikkje naar dei
steig. Det var Skuggar, Skuggane ved Lethe; her gjekk
dei og dreiv og lengta etter Liv, lengta og sakna, lengta
og sakna. Laurits remsa upp paa Latin noko um, at
heller vilde han vera Træl i Sollande, der Livet glødde,
enn Konge i Skuggeheimen, der alt var Lengt. Men det
var vel millom Skuggane han skulde høyre heime?
Han gjorde ein Braasving og gjekk paa Fallgruva.
— Det fyrste han høyrde daa han lét upp Døri var
Bjølsviks Bass: «Ingen kan lægge en Alen til sin
Gevækst!» Han vilde ikkje at Bjølsvik skulde sjaa han i
Kveld; stilt steig han inn og stilt fekk han hengt fraa
seg Frakken og Hatten. Bjølsvik og Blytt og Otto
Nielsen sat og drakk Pjolter og tala um Kunst. «Fyren
har gjort Fremskridt,» sagde Otto Nielsen. Det er
godt i Fargen, dette-her, modigt i Fargen; og so er det
Ragg, ikkje Olje; Ragg, turt, stridt, ærlegt Bjørneragg
... Enn Ljose daa, grumde Bjølsvik. Og Teikningi. Er
439
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>