- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
442

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

31, og no skulde han segja henne upp. Han er glad i
henne, Stakkaren; denne Gjenta er det einaste som han
hev i Verdi; det forstend ikkje De, men naar ein er so
ikring 30, so vert ein so underleg aaleine, og daa er det
berre slik ei Gjente, som kann —; men det forstend
ikkje De. Og ho, Stakkar, ho trur paa denne Fyren;
ho sét all si Lit til denne Fyren, ser De. Ho hev vist
ifraa seg den eine Friaren etter den andre for hans
Skuld; og no kjem det ikkje fleire Friarar. Og ho duger
ikkje til aa liva aaleine heller; ho vert hysterisk, ser
De, og Fanden veit alt; og no maa han segja henne
ifraa seg; for han hev havt Sjukdomen.

Tæring? spurde Laurits.

Nei, det andre, svara Kvaale. Liderleg Hund, ser De.
Forbanna liderleg Hund. Som me er alle. Og so gjorde
han som — ja De veit; naar ein skal velja millom det
verste og det næstverste — all right. Han var ein
skikkeleg Fyr i Grunnen; men — naa, slikt hender. Slikt
hender. Og der gjeng ho og trur, at han er ein Guds
Engel, og ventar paa han Aar etter Aar, og hev vist
fraa seg den eine gode Guten etter den andre; og no
kjem der ikkje fleire; og no maa han segja henne upp.
Svine. Skulde ha gjort det for lengi sidan.

Det er fælt, sagde Laurits.

Ja men det er verre, tok Kvaale i. For han segjer
henne ikkje upp. Han hev ikkje Mod, stakkars Krypen.
Han sét det upp fraa Tid til Tid. No er han 30 og ho
er 31. Ho hev venta i seks Aar, og ho ventar i seks Aar
til; all si Lit hev ho sett til honom. Kva skal han
gjera, Stakkaren.

«Han burde henges!» sagde Laurits.

Ja han burde so, svara Kvaale. Men han vert ikkje
hengd. Gud veit um han hengjer seg sjølv dessmeir.
Eg kjenner Guten. Han er ein Skarv, som ikkje segjer

442

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0444.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free