- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
443

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

henne upp; han vilde vera ein Skarv, dersom han sagde
henne upp; der sit han. Han er glad i Gjenta, og han
hev vondt av henne; Aar etter Aar gjeng ho og ventar
paa han; Aar etter Aar; dei andre hev ho vist fraa seg
for hans Skuld; all si Lit —.

Kvaale tagna. Daa Laurits skulde sjaa seg til, sat
han og grét; stride Fylletaarur rann ned yvi hans skakke
Andlit.

Var det seg sjølv, han hadde fortalt um? Dette var
uhyggjelegt. Uviljande flutte Laurits paa Stolen; her
sat han kanskje saman med ein øydelagd Mann.

Gudskjelov, sjølv var han ung og frisk. Verdi var
nok ikkje so fin som han tenkte.

Nei; gifte seg; og so Gjenta upp paa Hybelen! gneldra
Kvaale;han tok ein stor Slurk av Pjolterglase.

Ja det er snaalt, heldt han fram um ei Stund; han
vart meir og meir dauv i Tonen; det er snaalt aa sjaa
paa alle desse defekte; e i n Fot, e i n Arm, eitt Auga
gjeng dei med; falske Tennar, falskt Haar, løynleg
Skam, løynlege Sjukdomar; men hinkar i Veg! Hinkar
i Veg som inginting var, og vil Fanden ikkje døy!

Gjev meg ein Toddy til, sagde Laurits til Guten.

Men det skal koma ei Tid, mulla Kvaale halvt for
seg sjølv; det skal koma ei Tid, daa det er likso stor
Skam og vera sjuk som aa vera fatig. All sjukdom
skal vera Skam. Men fyrst maa me faa Ende paa denne
Doktarhumbugen. Den gjeng Folk og liter paa no; liter
paa Doktaren og øydelegg seg for eit godt Ord...

Og so Byane. Dei maa burt. Brenne Byane. Ein
Hage um kvart Hus, stor nok til aa føde ei Ku. Her
gjeng dei i vond Luft; og sit inne all Dagen og gjer
inginting; og so vert dei liderlege og visnar og valnar.
Men no hev me Telefonen, Telefonen —. «Du Fyr? en
halv 01! til Trøst og Troens Bestyrkelse.»

443

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0445.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free