- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
451

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fælt Liv, mange Ungkarar førde; han hadde høyrt meir
um det enn han hadde Hug til aa tru.

«Det er visst verre enn vi Kvinner vét om iallfall,»
sagde Dagmar; «og derfor» — ho saag til ein annan
Kant — «og derfor saa er jeg svært fornøiet, jeg for
min Part; for dej er jeg trygg paa.» Ho tok Mod til
seg og vilde sjaa han i Augo; men no var det Laurits
som saag til ein annan Kant. «Ja ikke sandt,» heldt ho
fram, «jeg har ikke tat Feil paa det. Man tar ikke lett
Feil paa saan’t, tror jeg.»

Han snudde seg til henne; saag paa henne med Augo
som bad. Djupt i seg sjølv kjende han, at han torde
ikkje segja Sanningi. Ikkje um det galdt hans Liv. Og
som han saag desse søte, fine Drag og desse klaart
straalande Augo, vart det ein framand Ting for han,
at han kunde ha gjort noko stygt. Hadde han gjort
det, so maatte det ha vore i Vilska. Ein fortalde ikkje
slikt; han for sin Part vilde aldri spyr ja henne um
Bjølsvik. Ver resolutt, Laurits, sagde det i Øyro hans;
lat Foten fara og frels Live! Han svara det som etter
hans Hjartans Meining burde vera sant; «naturligvis
har du ikke tat feil,» sagde han. «Je kann... med
Sandhed si, at... Kvinnen har været mej ... urørlig.»

Ho smilte; «du maatte tænke dei om?» spurde ho,
halvt skjemtande.

Det var so rart aa høyre deg spyrja um slikt, sagde
Laurits; eg tenkte du hadde meir Tillit til meg. Han
strauk seg yvi Andlite med Lümmeplagge.

Det var berre ei Form, svara Dagmar. «Overfor mine
Veninner maa jeg kunne si med Sandhet — og Sandhet
i alt, vét du, Laurits; Sandheten maa være oss
hellig —»; ho saag paa han.

«Sandheden maa være oss hellig,» nikka Laurits
resolutt.

Han var yvi det verste.

451

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0453.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free