- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
450

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kjelegt Sinne for det absolute Veto. Dei sat ei Stund
og tala um dette; Dagmar fann fram Vin; Laurits
fortalde det han visste um Politiken i Fjellbygdom.

Gamlingen gjekk ut, daa det leid av eit Bil; han
skulde eit Ærend, og so skulde han innom i Samfunde
og sjaa, um der var noko stygt i «Morgenbladet».

So var det Dagmar og Laurits.

Han heldt paa med Politik; det som han skulde tala
um kunde han ikkje koma innpaa. Det vilde falle so
rart; det var so ugreidt; ein fekk drygje til det kom
av seg sjølv... Men ho tenkte visst og paa andre Ting;
han fekk henne berre halvt med paa Politiken. So tok
han til aa spyrja um Kjenningar. Ho fortalde um den
og inn den; der var so lite aa fortelja. Jau der var det
um Frida Westgaard, «som begynder ordentlig aa
kokettere nu». Og so det um Frigstad. Han var trulova
no; med Ida, den unge vakre som Laurits hadde funni
litt vigtig; men det var ei framifraa Gjente. Det hadde
vori ein heil Strid, daa dei skulde trulova seg. Ho hadde
etter Avtala spurt han, um han hadde noko slikt paa
Samvite «som det du vét jeg skrev om den Gangen; for
vi har lovet hverandre det, skjønner du». Frigstad
hadde vori ærleg og svara ja; men det kunde ikkje gjera
noko no, meinte han; for det han hadde gjort var fleire
Aar gamalt; og Gjenta var reist til Amerika. Men Ida
var i stor Tvil. Sistpaa hadde dei funni ein Utveg. Det
som Ida hadde lova kunde ikkje gaa ut yvi Mennar som
«hadde» gjort slikt; for det kunde ein ikkje alltid koma
etter; det maatte gaa ut yvi Mennar som var av det
Slage at dei kunde gjera slikt; og at Frigstad ikkje
no kunde gjera slikt, det var ein Ting som sagde seg
sjølv, meinte Dagmar.

Laurits var slakk i Andlite; han drakk Vin.

Og so sagde han, at det vilde vera godt um Mennane
kunde lære Moral i dette Stykke. For det var nok eit

450

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0452.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free