Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
6
HJAA HO MOR.
— Nei; det vart det same.
Dei tok Breve for seg endaa ein Gong og studera
det endaa gløggare. Dei fylgde Vegen det hadde gjengi,
fraa I^futen til Amtmannen, fraa Amtmannen til
Stiftamtmannen, fraa Stiftamtmannen til Kristiania Byfut,
fraa Kristiania Byfut til By-tenaren, og so attende att:
fraa By-tenaren til Byfuten, so til Stiftamtmannen, so
til Amtmannen, so „til Byfuten her, so til Amtmannen
att, so tilbake til Byfuten, der det hadde legi i aatte
Dagar, — og so endeleg hit. Men det nytta kje noko.
Det einaste som kom Saki ved var dette siste, at der
„ikke var Adgang til at tilpligte". Ja det er vel det
same som at dei ikkje kann tvinge han det? umsette
Fru Holmsen. Ja —, Fru Mühlberg drog paa det;
det maa vel so vera. Nei men det hadde eg kje trutt
lel! — Aa, eg visste nok at det vilde gaa so, sa Fru
Holmsen; ho hadde vorti heit um Augo. Eg kann
mest ikkje tru det lel, sette Fru Mühlberg i; Amtmann
Krohn, den pene Mannen! — Aa, dei heng ihop.
Byfuten hev talt for Amtmannen, og Amtmannen hev
haldi seg til Byfuten; det er visst ikkje for inginting,
dei hev teki seg so gode Stundir. — Og han som hev
Smaaborn sjølv! —- Pytt; hans Smaaborn er vel berga;
og so kann det vera det same med andre daa, veit
du. — Nei sandeleg um eg hadde trutt dette um
Amtmann Krohn likevel. Eg kann undrast paa kva han
no vil De skal gjera? — Gaa til Kassa vel! Kva
kjem det honom ved?
Fru Holmsen sette seg til Saumen sin med ein Rykk;
her vart nok ikkje Tidir til aa liggje paa Latsida! Ho
var dirrande nervøs; det bleike Andlite vart stramt og
magert. Og fraa Nasevengen nedyvi til den eine
Munn-viki teikna det seg ein litin kvass fin Strik, som ingin
lenger kunde vera i Tvil um; Fru Mühlberg saag paa
den og vart underleg i Lag: der hadde den fagre Fru
Holmsen si fyrste Rukke.
— Fru Holmsen sauma ihuga og tett, og tala stræ-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>