- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
7

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

7 HJAA HO MOR.



valt og med Innsinne. Han —, han —, som ho ikkje
vilde nemne, det var greidt at han, som var Jurist—;
dette „Forlike" som han hadde fengi henne til aa gaa
inn paa, det kunde ein vita han hadde skrivi so han
kunde koma ifraa det att. Det sagde seg daaWjølv.
Det vilde ikkje ha vori han elles.

God Hjelp fekk han av desse andre Juristane og,
kunde ein vita. Han hadde nok visst aa halde seg
med dei store, han. Amtmannen sjølv hadde kje haldi
seg for god til aa drikke Champagne hjaa Skogkongen
paa Fredheim i den Tid; no hjelpte dei honom att. Det
var takka og betalt, det.

Dei tvo Kvendi var um eit lite Grand midt upp-i
dei gamle Fredheimssogom. Nei, som det gjekk upp
og ned i Verdi! Kven skulde no tenkt at
„Fredheims-dronningi", ho som for nokre Aar sidan mest fann det
for trongt der ut-paa Herregarden, — at ho ein Gong
skulde faa det som ho hadde det no! Bu i eit
raa-kaldt, ufjelgt Hol til Skuggesida; med all si Eign
ned-læst i ei gamal Kiste; fraarøva alt, liketil Borni sine;

— ja for no vart ho vel nøydd til aa gjeva Fanny og
fraa seg til den . . . Tausi der inn-i Kristiania!

Ho var vel eit laakare Menneskje enn andre, med
di det skulde gaa henne so paa tvert. „Nei men kjære
Fru Holmsen!" Og endaa visste ho ikkje anna enn
ho hadde vori som Folk flest paa Lag. Mannen sin
kunde ho i alle Fall tenkje paa med godt Samvit. Det
var nok dei som laut tola meir av Kona si enn han hadde
gjort. Og kor som var: fraa fyrste Tid var det ikkje
ho som hadde klengt seg inn-paa honom.

Nei det var nok svært som han var etter Dykk i
den Tid? sa Fru Miihlberg. — Aa, det var kje med
Maate! Alle dei Raadir som til var, bruka han . . .

— Eg gløymer aldri det Dfc ein Gong fortalde: den
Kvelden etter Danselage, veit De. t— Naa, daa han kom
setjande inn i Vogni til meg og fylgde meg heim? Ja
det var daa, det hende. Han hadde vori etter meg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free