- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
10

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

HJAA HO MOR.

mange som hadde imot meg av di eg vilde skiljast.
Og det kann eg kje segja noko um; det var nok ikkje
som det skulde vera. Men eg undrast paa kva eg
skulde ha gjort? Eg kunde daa kje gaa der og vente
til han hadde teki Live av meg. Og som han var i
dei Tidir, reint halvgalin av Illske og Drykk, so kunde
ingin vita um det ikkje kunde bli Aalvor av det ein
Dag, helst etter at eg hadde jaga Thea or Huse.

— Det var nære paa at det skulde vorti Aalvor
av og ein Gong, veit eg? spurde Fru Mühlberg.—Ja
den Natti daa han braut inn Sovekammersdøri ? Den
Natti gløymer eg aldri. Eg hadde so vidt somna; so
vart eg uppskræmd av eit forfælande Brak, og inn kjem
han stimande som ein galin Mann, blaa i Andlite,
blod-sprengd i Augo, — desse stygge ljose Augo De veit.
Eg vart som nömi av Rædsle og fekk nett so vidt
Mæle upp til eit Skrik; so slog han Klørne i Hovude
paa meg so det gjekk Hol paa Nattkappa. No kunde
eg gjera som eg vilde! bura han. Anten skulde eg
taka Thea heim i Huse att, og beda henne um
Tilgjeving for det eg hadde sagt, eller so skulde eg ikkje
sjaa Sol i Morgo! Eg kjende alt den brennheite,
sveitte Handi trivlande innetter Halsen min. Ikkje eit
Ord kunde eg faa fram; det var som Strupen snørde
seg ihop paa meg; eg hadde alt gjevi meg Gud i Vald;
men so Gudskjelov, so kom Gardsguten. — Ja
det er fælt, alt det De hev loti gaa igjenom, Fru
Holmsen!

Det bivra um Munnen paa den unge Kona. Men ho
tvinga Graaten ned att.

Og so hadde eg Borni aa tenkje paa, heldt ho fram.
Dersom han paa den eine eller andre Maaten skulde
faa Live av meg, kor skulde det so gaa med deim,
stakkar? Eg visste likso godt som dei andre kor gali
det var aa skiljast; men der var inga Raad; eg torde
kje anna. Og endaa hadde eg alle imot meg; ingin
vilde hjelpe meg. Byfuten vart min Uvén for Live-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free