Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
9 HJAA HO MOR.
Aa ja; det kunde vera stuslegt mang ein Gong aa
sitja her halvnaki aa kalle, og tenkje paa all den
Stordomen og all den Stasen, og vita at no var det alt
ihop spreidt for Vér og Vind; kasta ut i Grams til
kven-som-helst; selt under Hamaren for det Folk vilde bjode;
mest gjevi burt. Maatte kje Fru Holmsen tilmed sjaa
vanlege Bondekonur gaa og sprikje med Kasteploggi og
Pynten hennar fraa gamal Tid, vanlege simple Kjeringar,
som ikkje hadde Draum um kva slikt var verdt; ja
visste kje korleis ein skulde brüka det dessmeir! —
Fru Miihlberg sukka; det maatte vera harmelegt.
Og det alt for Rangskapen og Vitløysa hans; det
var snartsagt det verste! Dei kunde ha siti med det
alt ihop den Dag idag var, hadde berre han havt
Godviljen. Men no hadde han sett seg fyri at det skulde
gaa vrangt. Fekk han det ikkje i alle Maatar som han
vilde, so vart han ustyrleg, og so bar han seg aat som
han var vitlaus. Det var honom alt eitt, berre han
kunde faa stelt det so at ho kom ned i Raadløysa.
Og det fekk han.
Ja Stakkar, sukka Fru Mühlberg, arme seg ut, det
fekk han til Gagns! — Aa ja; naar ein legg seg ut
um det so. Slikt Hundeleven som det no tok til
med paa Fredheim, med Drykk og Dus og Kortspél
og alle Dørir opne baade Natt og Dag, det var so
all-dri noko Folk hev høyrt Maken. All den andre
Styggedomen er det ikkje rødande um. Er det sant som
Folk segjer, so var der ikkje ei Gjente paa ei Mil i
Kring som fekk vera i Fred for han; og i Kristiania
hadde han deim gangande i Flokkar. — „Er bare
Halvparten sandt —; stygt var det i alle Fall!"
— Og endaa, sa Fru Holmsen, var eg tolsam i
lengste Lage og fann meg i meir enn nokon trur; ja
det veit Gud, at hadde det berre vori noko Rim i det,
so skulde eg —; eg er daa vel kje verre aa koma til
Rettes med enn anna Folk? — Eg trur ikkje mange
hadde tolt det De hev tolt, fru Holmsen. — Det var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>