Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
12
HJAA HO MOR.
Fru Mühlberg tagde reint still; ho var ikkje langt
fraa Graaten ho heller.
Aldri i Verdi hadde eg gjort det eg gjorde, dersom
eg ikkje hadde trutt at eg skulde faa ha Borni hjaa
meg, heldt Fru Holmsen fram med Graaten i Halsen.
No hev eg loti sleppe dei tvo, av di eg ikkje fekk
Hjelp; skal no Fanny og koma paa Viddi, so vanskeleg
som ho er, og eg bli sitjande att reint aaleine . . . .
Graaten kom att, og vart so sterk at Fanny og lydde
etter.
Eg sa det til han dei hundra Gongir, stridgrét Fru
Holmsen, — med meg fær det gaa som det kann . . .
men tenk . . . Borni! Ho lagde seg fram yvi Borde
og gav seg yvi i Graaten; heile den spede Kroppen
riste.
Fru Mühlberg strauk seg yvi Augo og gjorde seg so
fast i Mæle som Raad var: ja det er ille, naar dei smaae
lyt burt; det er nok ingin som kann vera i Staden for
. . . Far og Mor . . . helst for Mor daa.
Fanny hadde reist seg upp; ho stod og saag paa
Mor si med Forundring.
„Mama ’tygg," sa ho med eitt. „Mama ’tygg; itte
’klike! Mama ’nil, Mama tie pent; itte klike!"
No kom Fru Mühlberg og paa Graaten. Fru
Holmsen vart reint kløkt; ho treiv i Braahug den vesle
upp-til seg og kysste henne brennande.
Daa Fru Mühlberg hadde komi seg att, fann ho
fram Pungen sin og gav Fanny ein Sylvskilling. So
hugsa ho at ho skulde heim og laga Mat.
Den godslege Kona hadde vorti so kløkt, at det reint
var vondt for henne aa faa sagt noko. Stakkars Fru
Holmsen, stakkars Fanny; kor skulde dette til Slutten
gaa?
Sandeleg vilde ho kje sende Jomfru Thorsen hit med
noko god Mat til deim, um ikkje anna, og det trast og;
Gud veit kor det kunde staa til her i Huse no, so
veik som Fru Holmsen i seinare Tid hadde vori.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>