- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
13

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

13

Ja Adjø daa, Fru Holmsen! rette ho seg upp; no
maa De kje ta det for tungt heller. De veit der maa
bli ei Raad ... De fær hugse at der er ein som . . .
ikkje gløymer oss . . . Og so hugsar De Avtala; De
maa koma og hjelpe meg med Vaarbunaden; elles vert
eg reint uppraadd. Adjø daa, kjære Fru Holmsen!
Adjø Fanny; adjø vesle Krulltoppen! Det greider seg
nok, skal De sjaa. Adjø adjø daa!

— Fru Holmsen sat og kjælte for Fanny og roa seg
etterkvart. Gudskjelov; ho hadde daa Venir; ei Raad
maatte det vel bli. Kva tru det var for ein Skilling
Fanny fekk her i Stad? Ein Tolvskilling! — Naa, so
skulde me daa kje turve liva paa Jordeple og Salt i
Dag, kor som var. Og etter Non kom ho Gamle-Kari;
so kunde ein faa Greide paa ymse Ting ... Ja for
um so var, so vart det daa vel kje ho som kom paa
Kassa! Det vart han, — han, som ikkje kunde forsyrgje
Borni sine. Og fyrr Fanny skulde der inn til denne
Jomfru Henriksen, fyrr —. Han kunde somenn vera
lik-til aa koma paa Kassa til Slutt. Det kunde bli
plent ein høveleg Ende paa alt Skryte hans. Og
Gamle-Kari, ho visste nok Vegen. —

Kunde ein so koma inn til Kristiania og lære
Kjolesaum —. Jamenn fekk Bror Nils hjelpe henne med
det; ho fekk gjera Aalvor av det og høyre etter. Sidan
kunde ho koma i Veg og drive stort. „Fru Holmsens
Sy-Etablissement", — det vart alltid likare enn aa sitja
her og snu gamle Kjolar.

II.

Gamle-Kari hadde visst Vegen. Og mange gamle
Venir og Drikkebrørar av Lastehandlar Holmsen sat i
Fatig-Komissjonen; mot tvo Røystir, Presten Pukstad
og Skræddar Evensen, hadde Fru Holmsen der fengi eit
„Bidrag til Fannys Opdragelse" paa tri Dalar Maanaden,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free