Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
20
HJAA HO MOR.
inn fraa Stogo i Kjøken og fraa Kjøken i Stogo att;
stelte paa eitkvart; vatna Blomane; kannhende kunde
ein koma paa noko, naar ein gjekk so og dreiv. Eller
um Gamle-Kari kom, og hadde Tid, so ein kunde gaa
til Fossen! Og Klokka laag i Øskja si paa Borde og
peika og peika paa det same og det same, so ein
fekk Hug til aa taka og kaste ho i Golve og traa
paa ho.
Sumetidir gav ho seg reint yvi og sette seg til aa
storgraate. Naar det ikkje var uthaldande, og ein like
vel skulde halde ut! Aa Gud, aa Gud, at ein
skulde sitja her og sjaa sitt unge Liv gaa so
jammerleg til Spilles!
Tidi gjekk skræmeleg fort. Aar etter Aar, Aar etter
Aar; Tidi var ein Eimbaat som gjekk fraa henne; no
svinga han um Odden; her sat ho att; var ho ikkje
alt 27 Aar kanskje? Kor lengi var det daa att til ho
var 30? Inkjevetta. "Inkjevetta. Det var berre som
aa reise seg upp og setja seg ned att.
Og no hadde ho vori Enkje i tri Aar. Tri av dei
beste Aari burt-vavra i berre Vas; ikkje ein Dag fekk
ho sjaa att av dei Aari, ho; ikkje i all Æve. Og her
sat ho. Tidi rann og Tidi tærde, baade paa Hud og
Hüg; ein, tvo, tri var ho ei gamal Kjering, som inkje
noko Menneskje iddest sjaa paa.
Aa han —, han —, Skarven, Kjeltringen! Dersom
ho endaa paa skikkeleg Maate hadde vori Enkje; men
kven vaaga seg i Lag med ei som var fraaskild? ei
fraaskild Kone med tri Born?
Og ho som hadde slik Hüg til aa liva og vera med.
Var det kje det som var Ulykka den Gongen daa ho
gifte seg og? Ho hadde ikkje totst kunna vente lenger
. . . Og no skulde det vera slutt. Slutt utan Von, utan
Hjelp, utan Raad. Midt i dei likaste Aari.
Aa Gud hjelpe henne; Tidi gjekk visst fort nok.
Baade for fort og for seint; ein underleg Trolldom. So
seint at ein kunde døy av det; men burte fyrr ein visste
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>