- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
19

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

19

samt aa sitja burte hjaa Framande; ein kjende alltid
at ein ikkje høyrde til der; men sitja heime hjaa seg
sjølv og glo paa tome Veggir med eit Spytety i Hendane,
— daa vart Tidi endelaus reint.

Det saag ikkje ut til at nokon vilde beda henne til
seg paa Lande heller denne Sumaren. Venteleg var
det Fanny dei kvidde seg fyri; Fanny var allstad i
Vegen. So fekk ein sitja her og glo. Hadde det
endaa vori som i Kristiania, at det kunde vera eitkvart
aa sjaa paa Gata! Men nei daa. Ikkje eit Menneskje.
Det kunde vera ein Bonde som kom skranglande ender
og daa med Lortmerri si; men jamenn skulde den vera
smaanøgd som iddest snu paa Hovude etter slikt-noko.
Den einaste Tidtrøyten ein hadde var daa Ungen, som
masa og sangra og vilde ut; var ho roleg ei Stund,
so kunde ein vera trygg for at ho hadde funni paa
noko gali. Fru Holmsen tenkte paa den lange Sumaren
og kjende seg hugsprengd. Dagane snikte seg fram
som Makk paa ein Veg; ein kunde kje sjaa at dei kom
av Flekken.

Det vesle Gull-Ure som dei hadde kaupt att til henne
etter Auksjonen, av di det var Ervegull, laag i Øskja
si paa Borde og gjekk og gjekk; sjaa paa det kunde
aldri hjelpe. Ho tvinga seg i lange Stundir til aa halde
Augo fraa det; tenkte paa andre Ting; paa
Kristiania-ferdi; paa Framtidi; paa Middagsmaten; paa Gamle-Kari;
det vart so lengi at ein kunde bli graa i Hovude av
det; — no laut det daa vera gjengi ein Times Tid
eller so. Ho saag paa Klokka. Mange Takk. Det
var gjengi sekstan Minuttar.

Fru Holmsen lagde Spytetye fraa seg; reiste seg
upp; strekte seg; geispa; lagde seg i det opne Glase
og saag ut; kanskje kunde Gjenta til Grannen koma
drivande. So vart det eit lite Drøs: skulde dei eta
snart? Kva skulde dei hava til Mat? Hadde
Hansemann fengi den fjorde Tonni si? Hadde dei høyrt
noko fraa ’n Jens i Amerika? Eller ho gjekk ut og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free