Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
22
HJAA HO MOR.
Breve vart ikkje sendt; ho umraadde seg att, daa
det kom til Stykke. Ho var ikkje god-til aa brjote seg
so smaa. Ho fekk heller gjera seg hard og drygje.
Men Tidi fall lang; og ein Dag sende ho likevel Breve.
Herre Gud, kva skulde ein Stakkar gjera. Den som
ikkje hadde Raad til aa gaa rett, so fekk ein krøkje
seg; ein fekk heller sjaa til aa rette seg upp-att sidan.
Ho torde kje drygje til eit anna Aar. No hadde ho
Tilbode, og no fekk ho taka imot det. Næste Aar
kunde det vera tusund Ting i Vegen; Nils kunde hava
mindre Raad; det kunde vera endaa laakare med Marie;
nei, nytte Tilføre med’ det var der; ein annan Gong
var ein Skjelm.
Naar alt kom ihop, so var det for Borni si Skuld
ho gjorde det.
III.
„Hva hetter du da?"
„Fanny Margrete Holmsen."
„Nei jassaa. Hvor gammel er du?"
,,Je blir fem Aar den 9de Januar."
„Det var svært. Du er visst en flink liten Pike du?"
„Ja."
„He-he."
„Naar je blir stor, ska je bli flink."
„Jassaa; hva ska du da bli?"
„Skuespillerinde!"
Baade Fru Holmsen og Jomfru Henriksen maatte læ.
Det er Sakførar Lehmann der uppe som hev sett det
i henne, forklaara Fru Holmsen.
Det gjekk traadt med Samrøda. Dei smilte til
kvarandre og var søtmælte og blide; men rett som det var
tagna dei; og so bruka dei Fanny til aa fylle ut med.
Fru Holmsen venta paa Lea og Tom. So seine som
dei vart! Kunde det vera noko i Vegen? Var dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>