- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
23

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

23

sjuke? utsvelte, so dei ikkje kunde gaa? Kannhende
hadde dei ikkje Klæde so dei kunde vise seg?

Ho sat og glytte til Jomfru Henriksen fraa Sida og
undrast paa, kva der kunde bu i henne. Kunde det
vera noko godt i slik ei Taus? Ho saag ikkje snild
ut. Det var eit skrint, magert Kvinfolk med stive
Faktir; Augo var smaae og blaakalde, Munnen bleik;
Mæle fekk lett ein kvass Klang; ein kunde taka henne
for ei Skjerpe. Men det var ho vel ikkje heller, naar
han heldt ut med ho; daa maatte ho vel vera anten
ven eller snild, og naar ho ikkje var ven, som visst
ingin skulde segja henne paa, so maatte ho vel vera
svært snild daa, skulde ein tru. Endaa det var utrulegt
alt det Mannfolki kunde halde ut med, berre dei fekk
hava det paa Ungkarsfot! Eller kannhende det var
Pengane hennar han gjekk og fridde etter? Han var
Mann for alt. Og her var visst Pengar nok. Det var
berre Velstand kor ein saag; godt gjekk ho klædd, med
Øyredobbar og Gullstas; og slik ein Innbunad var her,
i Valnot og Bjørk med Ripstrekk og Plüsch, og fine
Borddukar, og Golvklæde, og paa Veggjom store gilde
Oljetrykk ... aa jau! Han maatte gjeva av seg, denne
Modehandelen.

— Der var Borni! — nyvaska og stelte; Fru
Holmsen var i eit Sprang burt-hjaa deim; huka seg ned og
tok deim inn til seg; kysste deim; grét; aa Gud vere
Lov og Takk! — dei saag ikkje verst ut endaa.

Dei saag heller godt ut. Knapt klædde var dei
alltid, men heile og reine; og den bleike HamlHen —
naa, Herre Gud, alle Born var bleike i Kristiania. Ho
hadde uroa seg meir enn det turvtest. Upplæring fekk
dei visst au; dei hadde helsa paa Mor si rett vent; og
skipelege og stille var dei, so Fanny tok seg ut mot
deim som eit lite Villdyr. Naar alt kom ihop vilde ho
visst hava godt av aa vera her eit BU. Der uppe fekk
ho raa seg sjølv meir enn godt var; her kunde ho bli
aga litegrand, og det vilde vel ikkje gjera Skade.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free