Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
36
HJAA HO MOR.
med den Ting aa gjera. Eg høyrde nok gjeti
Jomfru Aaberg innpaa Syskulen, maa de tru! — Og so
vart Jomfru Henriksen vill daa, hasta Lea i Veg att;
og du skulde høyrt kor ho reidde han av. — Ja det
vil eg tru! Og han var vel ikkje den som stakk Pipa
i Sekken? — Han kunde kje tegja til slikt, veit du.
— Aa nei; eg vaagar han svara. Og dette maatte de
høyre paa? — Nei; Tom og eg gøymde oss i
Sove-kammerse. — Stakkars Bom. — Men no hev han Far
lova oss, at naar han fær den Posten, so skal me faa
vera der ute paa Lande der han er; og daa skal me
faa det mykje betre enn hjaa Jomfru Henriksen. —
Jaso. — Han skulde snart skrive til deg, sa han . . .
Han trudde nok snart der skulde bli ei Raad. — Ja . . .
kann vel hende han kjem til Lags med Jomfru Aaberg! —
— Eit Par Dagar yvi Nyaar kom det Brev fraa
Holmsen. Det vart Raad for Borni, skreiv han;
Jomfru Aaberg paa Elmerud vilde taka deim alle tri. „Og
der vil dei faa det godt. Reisepengar fylgjer. Men
no er det so mykje du veit det, at dermed er me
kvitt!" —
Ho skreiv attende og bad for seg. Ho maatte faa
hava Borni heime. No, daa han hadde fengi Post,
fekk han hjelpe henne so vidt. Ho kunde ikkje liva
utan Borni. Og dei kunde aldri faa det so godt som
hjaa Mor si; det visste han. Um det so var det beste
Framandmenneskje, so kunde ho ikkje gjera Like for
ei Mor; og Jomfru Aaberg var knapt av dei beste ein
kunde finne.
Han svara stutt og klaart. „Eg hev ingin ,Post’,"
skreiv han. „Det kann elles vera deg det same kva
eg hev og ikkje hev; men vil du hava Borni heime,
so maa du forsyrgje deim sjølv. Vil du hava Hjelp av
meg, fær du taka Hjelpi paa den Maaten eg byd ho.
Du fær gjera som du synest. I alle Tilfelle er me
kvitt!" —
Det vart ikkje onnor Raad: Lea og Tom fekk reise.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>