- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
38

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

38

HJAA HO MOR.

Det gjekk svært so turt aa vaske utan Vatn, totte
Fanny. Um ei Stund stiltra ho seg burtaat Vaskestolen
og bløytte Lurva berre eit ørende lite Grand, so lite at
ho Mor aldri kunde koma etter det.

Det gjekk strakst betre. Og no, daa ho Mor skrangla
med Grytur og Fat der ute, so ein høyrde det lang
Veg, kunde det ikkje vera faarlegt; Fanny bløytte Lurva
endaa ein Gong, og denne Gongen noko skikkeleg.

Og daa gjekk det svært godt. No skulde Golve bli
so reint og fint so.

Ho braastana og vart raud. Der var Mama.

Og Mama var vond. Nei men Unge daa? Held
du paa like godt? Ja no skal du daa vel —! Det maa bli
ein Ende paa dette og! Ho var burt-i Hylla etter Rise;
Fanny kjende alt Svien og tok til aa storskrike.

Venta, so skal du faa noko aa skrike for! kom ho
Mor farande, bleik av Harm. Med eit forsinna Rykk
vart Fanny lyft upp fraa Golve og slengd ned paa
Fange til Mor si; so vart Jump’en nækt, og Rise tok
til aa gaa so tett og so fast, at ein kunde høyre Fanny
heilt ned-yvi til Apoteke.

— Ja vil du lova at du ikkje skal gjera det meir?
hm? Vil du lova det? Vil du? Hm? Eller vil du hava
meir med same kanskje? Hm? Fanny hadde komi so
i Graat at ho ikkje kunde faa eit Ord fram; naa, so
fær du faa lite til daa, kvæste ho Mor; ho piska paa
att. Ja! ja! ylte Ungen i Daudrædsle. Ja vil du lova
godt daa? spurde ho Mor; ho var myrkeraud i Andllte
og riste yvi heile Kroppen. Ja! ja! peip Fanny
strupe-snørd; so ein Gong til med eit stygt Kvinskrik: ja!
Det var som ho vilde slite seg sund av Saarleik og
Svie; ho spratla og spratt som ein Fisk; skjelvande
Braarykk gjekk gjenom Kroppen hennar kvar Gong ho
trudde Mor vilde slaa til att. Naa, sa ho Mor og slepte
henne; lat oss sjaa du hugsar det daa. For annars
veit du kva som vankar!

Fanny gøymde seg burtmed Sengi skjemd og sint;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free