- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
39

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

39

ho Mor skalv av Uppøsing og gjekk ut til Stelle sitt
i Kjøken. Fanny ulde. Men denne Ulingi vart snart
so trøyttesam at ho Mor laut inn att. No fær du tegja,
Fanny, sagde ho; eller skal du hava meir? — Hm?
— ja held du Munn daa? — Ja! ja! ylte Fanny; ho
kunde kje tegja kor gjerne ho vilde. Naa; me fær ta
eit Bask til med det same daa, naar du er so trassig,
sa ho Mor; ho gjekk etter Rise. Nei! nei! Mama!
Mama! eg skal, eg skal; Mama!! — men skreik gjorde
ho like godt, raadlaust, udøyvande, som i Senedraatt.
Ho Mor beit Tennane ihop og tok henne uppaa Fange;
slik fæl Trass fekk ein døyve. Og ho strauk paa so
det kvein. Og Ungen ramskreik. Det leitte paa henne
Mor, so ho orka kje meir. Ja vil du vera snild daa?
spurde ho ettergjevande. Ja! ja! eg skal vera snild,
eg skal vera snild! jamra Fanny. Ja so fær du tegja
daa og ikkje skrike so ein kann gaa fraa Vite av aa
høyre paa det! Teg deg no og ver snild. So ska’ ’ke
Mama slaa Krulltoppen meir. — Ja! ja! eg skal vera
snild! forsikra Fanny. Ho Mor hadde slept Take, so
vidt Ungen fekk kravle seg ned; ja so tegjer du daa!
skjerpte ho etter henne og reiste seg. Ja! ja! skreik
Fanny. Ho klengde seg inn-aat Sengi og freiste aa
døyve Graaten i Aaklæde; ho Mor vart braa-kløkt og
gjekk ut.

Ho stelte lengi der ute i Kjøken; ein fekk gjeva
Krulltoppen Umrøme, so ho kunde koma seg. Men
daa det ingin Ende tok, vart Fru Holmsen arg og gjekk
inn att. Eg ska’ vera snild! eg ska’ vera snild!
vill-skreik Fanny, daa ho høyrde Mor si i Døri; og so
strakst etter bedande: eg vil legge meg, Mor, eg vil
legge meg, Mor! — Ja; ja; du skal faa leggje deg. Men
so maa du vera snild og tegja. Du vitskræmer heile
Byen med denne Ylingi.— So, Krultoppen; leggje seg
no og sova pent. — Men tegja! Du veit, kor det gjeng,
naar du skrik! Fanny gøymde seg under Aaklæde; der
kjende ho seg tryggare og gav den halvdøyvde Graaten

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free