Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
40
HJAA HO MOR.
friare Gang. Fanny —! truga det fraa ho Mor att. Fanny
døyvde Graaten so godt ho kunde; ho Mor gjekk ut
og inn ei Rid og gav seg eitkvart aa stelle med.
Endeleg høyrdest det ut til at det verste var yvi-stridt. Og
um ei Stund hadde Fanny sovna; ho laag og drog
Anden djupt, hikstande. Stakkars Krulltoppen, sukka
Fru Holmsen; kva skal det bli av deg, tru. Gud hjelpe
oss; ho er nok altfor lik den eg tenkjer paa no!
— Den Dokka, Fanny hadde bedi Gud um, fekk ho
paa Aarmaalsdagen sin av Bokbindar Lundstrøm.
Dokka var so fin at det var utifraa; men Krulltoppen
var endaa ikkje fornøgd. Denne Lundstrøm, som tok
til aa gaa her, kunde ho ikkje like.
Du ska’ kje vera so snild mot Lundstrøm, Mor; sagde
Fanny. Tykkjer du eg er snild mot han du? svara
ho Mor; eg tykkjer eg er so leid og vrang som eg
kann vera. —Ja men kvi gjeng han her daa? — Snilde
Krulltoppen, naar eg ikkje kann bli kvitt han?
Bokbindar Lundstrøm hadde lengi set blidt til den
fagre Fru Margrethe; og i seinare Tid hadde han teki
til aa frie paa Aalvor. Fyrst vårt og bljugt, med smaae
Gaavur og stor Vyrdnad, men etterkvart djervare, daa
han saag at han ikkje vart vist burt. Han sende Blomar
og Vers, kom paa Helsing naar det var noko, gav Fanny
meir enn ho vilde hava, og fekk stundom Lov til aa
vera Fru Holmsen sjølv til Hjelp, naar denne ingi
onnor Raad hadde; no i denne knipne Tidi daa Borni
var heime hadde han endaa fengi Lov til aa laane
henne nokre Skillingar. Lunefengd var ho, og
underleg imot han rett som det var; men Kvinnfolki var
ikkje annarleis, tenkte Lundstrøm, og den som berre
heldt ut, so kom vel den Dagen daa ho gav seg.
Han lika henne; han var verkligen kår. Den bleike
Frua med dei djupe Augo hadde hugteki han; ho var
so skoti. Skön som sorgen, skön som natten. Og um
ho ikkje var so reint ung lenger, so fekk han med sine
firti Aar ikkje rekne so nøgje paa det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>