- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
42

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42

HJAA HO MOR.

slik ein aalvorsam Friar paa slike lange tunne
Myhank-bein! Og so lukta han av Hodevand som eit
Kvinnfolk. Haa-haa-haa, jau det var Friar for deg det,
Margrethe! Og ho kunde ikkje lata vera aa drive
Gjøn med han. Eg veit ei som gjeng og ventar paa
Dykk, eg, Lundstrøm. Vet ni ? spurde han, gjøld og
forviten. Ja det veit eg. De skulde kje la henne gaa og
seig-pinast slik, Lundstrøm! — Å a, ni pratar. Hvem är det då ?

— Det kann De vel tenkje Dykk til. Lundstrøm blinka
sorgblidt til den fagre Margrethe, men paa henne var det
inginting aa sjaa. Men så säj mig det då, kära Kari, bad
Bokbindaren. Det er ei Enkje, erta Kari. Jaså, en enka;

— han søkte Fru Holmsen med Augo all Tidi. Ikkje so
reint ung nettupp . . . Ack, ung —! Inte vil jag ha någon
skolflicka ... — og ikkje er ho rik heller ... — Hvad
bekymrar vål jag mig om det usla gullet ... — men
ho hev eit godt Hjarta og eit mildt Gjemytt . . .

— Ack ja! — og gjeng aat Altere med Dykk likso
godt i Morgo som i Overmorgo. Kann De kje gjeta,
Lundstrøm? — Kari saag fælt stød ut; Fru Holmsen
sat so sprengd av Laatt, at ho var raud i Andlite.
Lundstrøm mistydde dette og tok til aa faa Mod; nej,
nej, jag kan inte tro det! sa han. Gissa no, Lundstrøm!
eggja Gamle-Kari. Lundstrøm saag raadvill fraa den
eine til den andre; der var ei Dirring um Munnvikine
til Fru Holmsen, som spaadde so ymist, totte han. Ja
men så säj det då, snälla Kari, tagg han. Kari gjorde
seg bljug og apa og skapa seg; so rette ho fram Handi.
Det er Gamle-Kari, veit eg! sagde ho med sitt
Mann-folkmaal. So smellte dei i aa læ; han vart sitjande
der baade flat og skjemd; trøysta seg med aa drikke.
Stundom vart han vond; daa skifte han liksom Ham
og vart eit anna Menneskje. Det lange blide Andlite
rengdest; Munnen trutna og vart tjukk, Brunine drog
seg ihop, og Augo vart smaae og forgiftige. So reiste
han seg, slog i Borde og tok til aa banne: ta mej fan\
ta mej tusan! Satans fruntimmer, som gjekk her og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free