Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
43
hugsnikte og heldt ein skikkeleg Mann for Narr! Han
takka sin skapare, at han var for god for slikt; tvi fan!
adjø! — treiv so Hatten og gjekk, smellande med Døri
so Huse riste.
Men han kom alltid att.
Dersom han endaa hadde havt noko aa gifte seg paa!
tenkte Fru Holmsen. Hadde han vori rik, so han kunde
ha forsyrgt Borni hennar! Det fekk ha vori det same
med alt daa, baade det at han var Bokbindar og det
at han var ein Tosk; her var ikkje Tidir til aa vera
stor paa det. Men han aatte nok inginting. Gjekk
her som ein Gutunge og vilde gifte seg paa lcärlek . . .
haa, haa, haa! — Fru Holmsen lo med den store Laatten
til Gamle-Kari. —
— Til „Fru Holmsens Sy-Etablissement" hadde det
meldt seg ei Gjente. Det var eit Bondemenneskje, som
„berre skulde lære lite til Landsens Bruk". Med Helsa
gjekk det au smaatt. Og ein god Dag vart Fru
Holmsen liggjande.
Ho laag i mange Vikur og vart reint klen. Doktaren
trudde ei Stund at det var Dauden. Ho er klar, ho.
sagde Doktaren.
Daa tok dei gamle Kjenningane seg paa Tak endaa
ein Gong; dei totte Fredheimsdronningi var for ung til
aa døy enno. Det vart funni Husrom aat henne ned-i
Byen; Fru Miihlberg sende Jomfru Thorsen til aa passe
henne; det vart gjort Utveg til god Sjukekost;
Apotekaren gav fri Medisin; tilmed Doktaren var stortenkt;
fraa Bokbindar Lundstrøm kom det Blomar og Vin;
Presten Pukstad sende gudelege Smaabøkar. Sakførar
Lehmann tok Fanny, so Fru Holmsen fekk Fred og
Ro. Og daa det leid paa, kunde Doktaren fortelja, at
Krisis var yvistadin.
Fru Holmsen laag og kom seg og sterkna og tenkte
paa, at det kunde vera godt aa bu paa Bondelande og
stundom; Folk hadde visst aldri vori so snilde mot
henne i ein stor By.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>