Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
54
HJAA HO MOR.
med han. Hadde han kje tala frampaa um aa koma
hit? — og dessutan, finne han att vart det alitid Raad
med. Tenk um ein daa kunde gjera seg Godvenir
med han . . .
Ikkje nokon Kjærleik! — det turvtest ikkje. Berre
so han fekk ein litin Umtanke for henne, ein litin
Medhug, lite Bry for det som kom henne ved; —
Pengane sat no ikkje so reint lause heller hjaa Rikfolki.
Kvi skulde ho ikkje kunna vinne han? Han som
andre? — Og naar det var for Borni ho gjorde det . . .
Han visste kor det var laga hjaa Jomfru Aaberg. At
det maatte vera tungt for ei Mor aa ha Borni sine i
eit slikt Hus vilde han forstaa; fekk han so Godhug
for Mori —; kva var nokre Hundradalarsetlar for ein
Skoghandlar i denne Tid?
Tenk; kannhende ho her kunde finne ein Utveg.
Det maatte vera Raad aa bli kjend med ’n. Enno
var ho ikkje for gamal; og so fekk ein fli seg, og vera
hyggjeleg. Herretekkje hadde ho alltid havt, heller for
mykje enn for lite kanskje; og um han no ikkje var
nokon Ungdom lenger, so var han vel som dei andre
paa Lag, naar det kom til Stykke. Berre ikkje noko
Hugsnikjing; Kjærleik og slikt-noko hadde ho havt
nok av i si Tid.
Han hadde visst tott ho var ven. Det var ho i
Røyndi og, naar ho var i Lag; kannhende ho alt so
smaatt leika han i Hugen. Dette at han vilde „sjaa
Fanny" —; hm, leven veit; Mannfolk var sjeldan so
glade i Born . . . um det likso gjerne kunde vera
henne han hadde Hug til aa sjaa att? Det vilde høve
framifraa.
Tankane hennar trøytna og sveiv smaatt um Senn
burt i Draum.
Herregud; skulde det no gaa so gali, at han vart
eit Grand hugtekin —; han var daa i det Høve at
han venta aa bli fri! Og kvifor . . . kvifor . . . kunde
det ikkje likeso godt bli henne som ei onnor?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>