Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
56
HJAA HO MOR.
faa Lov av Fru Kahrs, so skal visst ikkje eg meinke
deg i det!
Ein Morgon fylgde daa Fanny Venine sine paa Skulen;
og dei sagde kven ho var. Framfyri Fru Kahrs vart
Fanny fjamsut og gløymde det ho skulde segja; ho
berre nigja og nigja, Gong etter Gong; Fingrane stakk
ho uppi Munnen.
Ho vil gaa paa Skulen, ho vil gaa paa Skulen,
for-klaara den vesle svarthærde Ebba snøgt; Gina nikka.
Fanny nigja djupt; Fru Kahrs tok henne og sette henne
paa Fange sitt og strauk henne med Handi gjenom
dei ljose Haarkrullane. Ho Mor hev sagt at eg skulde
faa bli her, sagde Fanny.
Jaso, Krulltoppen, smilte Fru Kahrs, skal du alt paa
Skulen? Berre du ikkje blir lei av det for snart?
Hm? — Nei. — Kann du vera snild Gjente daa, trur
du? — Ja. — Vera roleg og ikkje fara med Ustykkje,
hm? — Ja. — Kann du lesa daa? — Ja eg kann
stava. Eg hev Bok og! — ho synte fram Staveboki
si, som var noko brukt. Der er Rom hjaa oss! hjelpte
Ebba til; Gina nikka: der er Rom paa vaar Benk.
— Naa, so fær du vel bli her daa, Krulltoppen, smilte Fru
Kahrs; og vera med so lengi du kann hengje paa; hm? —
— Fanny kunde no segja at ho gjekk hjaa Fru Kahrs;
og ho sagde det so tidt som ho kunde faa Tilføre til
det. Ho kjende seg vaksi og sette Nos i Sky. Fru
Holmsen totte og det stod godt til.
Fekk Fanny hava Friplassen sin hjaa Fru Kahrs, so
var ein berga for Aalmugeskulen og turvde kje bry
nokon for den Skuld; det vart ein stor Otte mindre.
Og det var ikkje rimelegt at Fanny vart vist burt att,
naar ho ein Gong var innkomi. Krulltoppen hadde
noko ved seg som gjorde at Folk vart glade i ho; det
vilde koma henne til Nyttes no og, tenkte Fru Holmsen.
Eit Lyte hadde Skulen til Fru Kahrs: han var ikkje
fullfin. Fyrst og fremst hadde Fru Kahrs Presten
imot seg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>